No kan koronalån bli gjort om til stipend

Publisert: 25.01.2021
Våren 2020 kunne studentar og elevar som mista inntekt på grunn av koronautbrotet, søke om eit tilleggslån frå Lånekassen. No ber Lånekassen om dokumentasjon for å kunne gjere om 8 000 kroner av lånet til stipend.

Studentar og elevar kunne i mai i fjor søke om eit tilleggslån frå Lånekassen dersom koronautbrotet førte til nedgang i inntekt mellom 1. mars og 15. juni. For studentar var tilleggslånet på 26 000 kroner, for elevar 13 000 kroner. 8 000 kroner kunne bli gjort om til stipend i etterkant. Kundane fekk beskjed om at dei på eit seinare tidspunkt måtte kunne dokumentere inntektsnedgangen for å få omgjering til stipend.

I underkant av 50 000 elevar og studentar fekk tilleggslånet. I alt utbetalte Lånekassen 1,26 milliardar kroner i tilleggslån, 396 mill. kr kan bli gjort om til stipend dersom alle som fekk lånet oppfyller vilkåra.

Skal svare via Dine sider

I desse dagar får alle som fekk tilleggslånet, ein e-post frå Lånekassen med beskjed om å logge inn på Dine sider:

– Kundane blir der bedt om å dokumentere at inntekta gjekk ned eller fall bort i perioden 1. mars til 15. juni 2020. Dei som dokumenterer tapt inntekt i den gitte perioden på grunn av koronasituasjonen, vil få omgjering til stipend i løpet av våren, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

På Dine sider blir det gitt rettleiing og konkrete eksempel på kva som er godkjend dokumentasjon. Det kan for eksempel vere dokumentasjon på permittering, oppseiing, tapt lønnsinntekt og stadfesting på endra stillingsprosent. Fristen for å sende inn dokumentasjon er 10. mars.

– Ein uføreseieleg situasjon for mange

Lånekassen reknar ikkje med at alle som fekk tilleggslånet vil kunne dokumentere tapt inntekt:

– Vi må hugse på at det var ein veldig uføreseieleg situasjon dei første månadane etter koronautbrotet. Mange mista jobben, og mange studentar med deltidsjobb gjekk ei usikker tid i møte. Nokre kan ha valt å søke om tilleggslånet, sjølv om det kanskje viste seg at dei likevel ikkje kom i ein situasjon som førte til tapt inntekt. Dei som no oppgir at dei likevel ikkje hadde inntektsnedgang eller som ikkje dokumenterer det, vil ikkje få omgjering – då blir heile tilleggslånet ståande og skal etter kvart betalast tilbake saman med resten av studielånet, seier Bjerke.

Tilleggslån var eitt av fleire korona-tiltak for studentar og elevar i 2020. Les meir om tilleggslån og andre gjeldande koronatiltak for elevar og studentar.

Kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke. Foto.
– Dei som dokumenterer tapt inntekt i den gitte perioden på grunn av koronasituasjonen, vil få omgjering til stipend i løpet av våren.
Anette Bjerke
Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen