Ny administrerande direktør i Lånekassen

Publisert: 23.02.2021
Morten Anstorp Rosenkvist blir ny administrerande direktør i Lånekassen.  

Lånekassen sitt styre har tilsett Morten Anstorp Rosenkvist (42) som ny administrerande direktør i Lånekassen. Han er tilsett i Lånekassen for ein åremålsperiode på seks år. 

– Morten Anstorp Rosenkvist er ein utviklingsorientert leiar som har gode føresetnader for å vidareutvikle Lånekassen. Han har inngåande kjennskap til forvaltning og politiske prosessar, og samtidig god forståing for kundane sine forventningar og behov. Styret er trygge på at Morten vil balansere behova for utvikling med stabil og sikker drift. Gjennom rekrutteringsprosessen har vi opplevd at Morten har eit stort engasjement for Lånekassen og samfunnsoppdraget, seier styreleiar i Lånekassen, Seunn Smith-Tønnessen. 

Morten Anstorp Rosenkvist kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet der han har ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskole, kompetansepolitikk og utdanningsstøtteordningane. 

– Eg gler meg til å starte i det som kanskje er Noreg si mest spennande offentlege verksemd. Eg er veldig motivert av det store samfunnsoppdraget til Lånekassen – å gjere utdanning mulig. Lånekassen betyr utruleg mykje for veldig mange, seier Morten Anstorp Rosenkvist. 

Fakta om Lånekassen  

  • Lånekassen har over ein million aktive kundar. Rundt 400 000 av desse får støtte til utdanning, og rundt 700 000 betaler tilbake på studielånet sitt.  
  • Lånekassen delte ut nærmare 36 milliardar kroner i stipend og lån i undervisningsåret 2019–2020. Samla utlånsportefølje er 209 milliardar kroner.  
  • Lånekassen har hovudkontor i Oslo og kontor i Bergen, Stavanger, Trondheim og Ørsta. Tal på tilsette er om lag 320
Morten Rosenkvist

Ny Lånekasse-sjef:

Morten Anstorp Rosenkvist
Foto: Marte Garmann