Ny nettstad
Du er no på den nye delen av Lånekassen sin nettstad. Under menyvalet "Utdanning i Noreg" på lanekassen.no er alt innhald erstatta med nytt. Sider tilpassa studentar og elevar i utlandet og dei som betaler tilbake på lånet sitt, vil bli publisert i ny drakt i løpet av 2020.
Lansering
Innhald på den nye nettstaden skal lanserast litt etter litt utover resten av 2020. Det kan bety at enkelte deler av nettstaden ikkje heng så godt saman. Vi håper at du har tolmod med oss i denne perioden.
Har du kommentarar til dei nye sidene våre, blir vi veldig glad om du delar det med oss. Send gjerne ein e-post til tilbakemelding@lanekassen.no. Vi kan ikkje svare på spørsmål om saka di på denne e-posten.
Moglegheiter for å berekne kva du kan få
Fleire små kalkulatorar skal gjere det enkelt for deg å berekne kva du kan få frå Lånekassen, og det skal være tydeleg for deg kva som er lån og kva som er stipend. Dette erstattar det som tidlegare heitte støttekalkulator.
Tilgjengeleg for fleire
Innhald på den nye nettstaden skal bli publisert på nynorsk, bokmål og engelsk. Det skal vere like enkelt å bruke nettstaden på mobil som på PC, og nettstaden skal være tilgjengeleg for brukarar med nedsett funksjonsevne. Vi følger reglene for universell utforming.