Ny renterekord i Lånekassen

Publisert: 08.09.2021
Den flytande renta på studielånet går ned til 1,312 prosent frå 1. november.

Flytande rente i Lånekassen har vore stabilt låg på godt under 2 prosent sidan september i fjor. Dagens rente er 1,342 prosent, og frå november går den ytterlegare ned:
– Ni av ti av dei som betaler på studielånet har flytande rente, og frå 1. november vil dei få rekordlåge 1,312 prosent i rente, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

I overkant av 700 000 av Lånekassens 1,2 millionar kundar er tilbakebetalarar. 659 400 av dei har flytande rente, medan 45 000 kundar har fastrente. Ni av ti vel å behalde flytande rente på lånet.

Også fastrentene i Lånekassen er historisk låge, sjølv om dei har stige noko siste halvår. Frå 1. september kunne studielånskundar binde renta til 1,933 prosent for tre år, 2,257 prosent for fem år og 2,550 prosent for ti år. Fastrentene som gjeld frå 1. november blir fastsette i starten av oktober.
Rentene i Lånekassen er marknadsstyrt, og blir baserte på berekningar frå Finanstilsynet.

Les meir om korleis renta i Lånekassen vert fastsett og følg renteutviklinga her.