Rekordlåge fastrenter i Lånekassen frå nyttår

Publisert: 11.12.2020
Aldri før har fastrentene vore så låge i Lånekassen som dei blir frå 1. januar 2021, det gjeld for både tre, fem og ti års bindingstid. Også den flytande renta er historisk låg.

Fastrentene som gjeld frå 1. januar 2021 er

  • 3 år: 1,480 % (ned med 0,039 prosentpoeng)
  • 5 år: 1,638 % (ned med 0,019 prosentpoeng)
  • 10 år: 1,933 % (ned med 0,019 prosentpoeng)

– Det er ein nedgang for alle fastrentene, og dei lågaste fastrentene vi nokon gong har hatt. I tillegg held dagens flytande rente seg på rekordlåge 1,391 prosent gjennom januar og februar, fortel Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Rentesatsen for den lengste bindingstida på 10 år kom under 2 prosent for første gong nokosinne frå 1. september i år. Den er ytterlegare litt ned frå nyttår. 260 kundar valde å binde renta på 10 år ved førre moglegheit. Samla sett har 11 300 kundar vald å binde renta hittil i 2020.
Dei som ønsker å binde renta frå 1. januar 2021, gjer det i perioden 10.–17. desember på Dine sider på lanekassen.no.
Over 9 av 10 som betaler ned studielånet sitt har flytande rente. 687 200 kundar har flytande rente, medan 44 500 kundar har vald å binde renta.

Graf som viser renteutviklingen i Lånekassen fra 1999 til 2021

Grafen viser utviklinga av rentesatsar for Lånekassen frå 1999 til 2021.  Informasjon om  renteutviklingen ligger også på data.lanekassen.no

Fakta om studielånsrentene

  • Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte, og er fastsette på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånstilboda i marknaden (basisrenta). Frå basisrenta blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir Lånekassens renter.
  • Både flytande og fast rente blir fastsett annankvar månad.
  • 687 200 av tilbakebetalarar i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 44 500 har fast rente.
  • Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.
Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør. Foto.
"Dei lågaste fastrentene vi nokon gong har hatt"
Anette Bjerke
Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen