Rekordmange betalingsutsettingar i Lånekassen

Publisert: 23.06.2022
Aldri før har så mange Lånekassen-rekningar blitt utsett. Frå januar til mai utsette 150 000 kundar til saman 580 000 rekningar.

Alle som betaler på studielånet, kan i utgangspunktet utsette rekninga 36 gonger, noko som tilsvarer tre år. Som eitt av fleire koronatiltak for Lånekassen sine kundar, har tilbakebetalarane sidan mars 2020 kunna utsette betalinga utan å bruke av denne kvota. Denne ordninga gjeld ut 2022. 

Mange utsettingar, men lågt misleghald

Nye tal frå Lånekassen viser at mange nyttar seg av moglegheita til å utsette betalinga, sjølv om koronapandemien er over.

I løpet av dei fem første månadane i 2022 valde 150 000 kundar å utsette rekninga si, til saman utsette dei 580 000 rekningar. I same periode i fjor blei 518 000 rekningar utsett, medan tilsvarande tal for 2020 var 497 000 rekningar.

– Samtidig som antal betalingsutsettingar går opp, går antal purringar ned. Det viser at dei fleste truleg bruker betalingsutsettingane på ein fornuftig måte. Misleghald av studielån har aldri vore lågare enn under koronapandemien, seier administrerande direktør i Lånekassen Morten Rosenkvist.

Lengre nedbetalingstid

– Det å kunna utsette betalinga gir økonomisk handlingsrom for dei som betaler på studielånet sitt. Samtidig er det viktig å vere klar over at du må betale meir i renter totalt om du utset betalinga enn om du ikkje gjer det, seier Rosenkvist.

Når ein utset betalinga, blir nedbetalingstida forlenga like lenge som ein har utsett. Ein må betale meir renter totalt, og terminbeløpet for dei resterande terminane blir litt høgare. Kundane kan endre nedbetalingsplanen eller betale ekstra seinare slik at dei hentar inn dei ekstra renteutgiftene, om dei ønsker det.

Fleire søker om meir enn éi utsetting når dei først søker

Når kundar søker om å utsette rekninga frå Lånekassen, kan dei velje å utsette éi eller fleire rekningar. Det er ein tendens at fleire søker om meir enn éi betalingsutsetting når dei først søker.

Det er i alt 750 000 nordmenn som betaler ned på studielånet sitt. Totalt 246 000 av desse har søkt om minst éi betalingsutsetting sidan koronapandemien braut ut i mars 2020.

Les meir om betalingsutsetting på lanekassen.no.