Søk studielån før det store rushet

Publisert: 09.06.2021
Lånekassen ventar rekordmange søknader om lån og stipend før studiestart i haust. Studentar som har fått bekrefta studieplass til hausten, kan søke allereie no og dermed unngå høgsesong.

Over 150 000 personar har i år søkt om opptak til universitet og høgskolar. Først 20. juli får dei beskjed om dei har komme inn, berre nokre veker før studiestart. Då kjem eit rush av søknader om lån og stipend til Lånekassen, som skal bli behandla på kort tid.

– Det er starten på ein hektisk høgsesong i Lånekassen, der målet er at flest mogleg skal få pengar til studiestart. Dei som allereie no veit at dei har studieplass til hausten, kan likevel få eit forsprang. Alle som har bekrefta studieplass, kan søke allereie no, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Lånekassen anbefaler dei som kan, om å bruke denne sjansen.

– Send inn ein riktig og fullstendig søknad så snart du kan. Då kan du ta sommarferie, vel vitande om at du har pengane til studiestart, seier Bjerke.

Sjekk kor mykje du kan få

Dei aller fleste søknadene om lån og stipend blir behandla automatisk i løpet av eit døgns tid, men meir kompliserte saker tar lengre tid. For eksempel kan studentar som er forseinka i utdanninga, og som må sende inn dokumentasjon, oppleve vesentleg lengre behandlingstid.

Studentar kan få 126 357 kroner i basislån i studieåret 2021–2022. Inntil 40 prosent av dette lånet kan seinare bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, har inntekt og formue under fastsette beløpsgrenser og består utdanninga di.

I tillegg kan du ha rett til andre typar lån og stipend, for eksempel dersom du betaler skolepengar. På Lånekassen sine nettsider kan du sjekke kor mykje lån og stipend du kan få. Du søker frå Dine sider på lanekassen.no.

Kommunikasjonsdirektør i Lånekassen og ansatt på kundesenteret

Lånekassen er klar til å ta imot søknader om lån og stipend for neste studieår. Her er kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke og Emilie Waldal, som jobbar på kundesenteret. Foto: Lånekassen

Tre tips frå Emilie på kundesenteret

  • Du kan søke lån og stipend på Dine sider på lanekassen.no når du har studieplass.
  • Studentar i Noreg får første utbetaling for neste studieår tidlegast i august.
  • Før pengene kan bli utbetalte, må du ha registrert deg for haustsemesteret og meldt deg opp til eksamen. Du må også ha signert avtalen om stipend og/eller lån.