Søk studielån før det store rushet
Alle studentar som har studieplass til hausten, kan søke om stipend og lån no. Dei 136 000 som har søkt studieplass ved eit universitet eller ein høgskole via Samordna opptak i år, må vente til dei har fått svar om studieplass 20. juli. Då er det forventa eit rush av søknader om lån og stipend til Lånekassen, som skal bli behandla på kort tid.
– Det er starten på ein hektisk høgsesong i Lånekassen. Vi ønsker at flest mogleg skal få pengar til studiestart, og då kan det vere lurt å søke allereie no, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.
Dei fleste får kjapt svar
Dei aller fleste søknadene om lån og stipend blir behandla automatisk i løpet av eit døgns tid, men meir kompliserte saker tar lengre tid. For eksempel vil saker som krev ettersending av dokumentasjon, ta lengre tid.
Sjekk kor mykje du kan få
Studentar kan få 137 907 kroner i basislån studieåret 2023–2024. Inntil 40 prosent av beløpet kan seinare bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, har inntekt og formue under fastsette beløpsgrenser og består utdanninga din.
I tillegg kan du ha rett til andre typar lån og stipend, for eksempel dersom du betaler skolepengar. På Lånekassens nettsider kan du sjå kor mykje du kan få i lån og stipend.
Fristen for å søke om lån og stipend er 15. november for haustsemesteret, og 15. mars for vårsemesteret. Du søker om lån og stipend på lanekassen.no.
Tre tips til deg som skal søke om lån og stipend
- Du kan søke om lån og stipend på lanekassen.no når du har fått studieplass.
- Studentar i Noreg får første utbetaling for neste studieår tidlegast i august.
- Før pengane kan bli utbetalte, må du ha registrert deg for haustsemesteret og ha meldt deg opp til eksamen. Du må også ha signert avtalen om stipend og/eller lån.
