Stipend og lån til vaksne studentar

Publisert: 15.04.2021
Lånekassen har tradisjonelt vore best tilpassa den unge fulltidsstudenten. Men stadig fleire tek utdanning i vaksen alder, og Lånekassen har fått på plass nye ordningar som er meir tilpassa vaksne. Sjå kva du som vaksen student kan få frå Lånekassen.

Basislån og skolepengar

Som alle andre studentar, kan vaksne studentar søkje om basislån. I studieåret 2021–2022 er basislånet på 126 357 kroner. Dei kan også søkje om lån til skolepengar. Maksimalt lån til skolepenger for eitt år er 68 136 kroner.

Studentar med barn kan i tillegg få ekstra stipend og lån (som tilleggslån og barnestipend, sjå nedanfor).


Tilleggslån og støtte til lågare deltidsprosent

I fjor haust kom det fleire nye ordningar som er spesielt tilpassa vaksne studentar, blant annet tilbod om tilleggslån til alle som er over 30 år:

  • Er du 30 år eller eldre og skal ta høgare utdanning, kan du som fulltidsstudent ha rett til eit tilleggslån på opptil 102 300 kroner for kvart studieår og 204 600 kroner totalt.
    Dersom du tek færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.
  • Er du 18 år eller eldre og har barn under 16 år, kan du få eit tilleggslån på inntil 51 150 kroner per studieår og 102 300 kroner totalt. Dette tilleggslånet kan ikkje bli kombinert med tilleggslån for dei over 30 år. Dersom du har rett til begge, er det reglane for tilleggslån for dei over 30 år som gjeld.
  • Du kan no søkje om lån til du er 50 år utan at beløpet blir redusert, mot 45 år tidlegare. I tillegg blir aldersgrensa for når lånet må vere tilbakebetalt, heva frå 65 år til 70 år.
  • Kravet om at ein må studere minst 50 prosent av ei fulltidsutdanning for å få støtte, blir fjerna. Det betyr at ein også kan få støtte om ein for eksempel studerer 20 prosent ved sidan av jobb.

Frå kommande haust blir også regelen om at studentar kan få lån og stipend i maks åtte år endra, uavhengig av om dei har studert på deltid eller fulltid. Alle studentar kan få lån og stipend til ei utdanning som tilsvarer åtte år på fulltid, men dei kan sjølve velje korleis dei vil disponere tidsramma. Det betyr at dei som f.eks. vel å studere 50 prosent deltid, kan få lån og stipend frå Lånekassen i 16 år.

Eksempel på kor mykje du kan få (satsar for studieåret 2021–2022)

Er du 30 år eller eldre, kan du søkje om eit basislån på 126 357 kroner og eit tilleggslån på inntil 102 300 kroner. Som fulltidsstudent vil du då kunne få til saman 228 657 kroner for eitt studieår. Du kan også søkje om lån til skolepengar. I tillegg kan du ha rett til barnestipend dersom du har barn under 16 år.

Som fulltidsstudent har du også rett til 1 790 kroner i stipend per barn per månad. Beløpet blir justert dersom du studerer på deltid, men ver klar over at vilkåret for å få barnestipendet, er at ikkje du sjølv eller ektefellen din har for høg inntekt eller formue. Inntektsgrensa er for tida 199 591 kroner for deg og 450 365 kroner for ein eventuell ektefelle.

Vaksen student