Fleire studentar kan tene over inntektsgrensa i 2022

Publisert: 15.02.2022
I 2022 kan alle studentar som jobbar i helse- og omsorgssektoren, barnehage eller skole tene så mykje dei vil utan å få mindre i stipend. Unntaket er vidareført for helse- og omsorgssektoren i heile 2022, og nytt for barnehage- og skolesektoren i 2022.

Alle studentar kan få basislån frå Lånekassen. For inneverande studieår er basislånet på 126 357 kroner. Basislånet er eit lån, men inntil 40 prosent av beløpet kan bli gjort om til stipend. For å ha rett til omgjering må studentane bu borte frå foreldra, bestå utdanninga og ha lågare inntekt og formue enn grensene til Lånekassen.

Ikkje noko maksbeløp på inntekta

Som eitt av koronatiltaka for studentar, har det sidan 1. mars 2020 vore eit unntak frå inntektskravet for studentar som jobbar i helse- og omsorgssektoren. Frå 1. januar 2022 er unntaket utvida til også å gjelde for studentar som jobbar i barnehage eller skole. Unntaket gjeld for begge gruppene i heile 2022.

Inntektsgrensene i 2022 er 199 591 for studentar som får støtte i meir enn sju månader, og 498 977 for dei som får støtte i sju månader eller kortare. Det er ikkje noko tak på kor mykje studentar i helse- og omsorgssektoren, skole eller barnehage kan tene. Det betyr at dei kan tene over grensene for inntekt i heile denne perioden, og likevel få gjort om lån til stipend.

Skal dokumentere i 2023

Fordi Lånekassen bruker tal frå skatteoppgjeret, blir det ikkje gjennomført ein kontroll av inntekta til studentane før året etter dei fekk støtte. Dette betyr at studentar som hadde inntekt over inntektsgrensene i 2022, først får melding om dette i 2023. Det er berre studentar som har tent over inntektsgrensene, og fått melding om dette frå Lånekassen, som må dokumentere at inntekta som er over inntektsgrensa er frå arbeid i ein av sektorane som unntaket gjeld. Dette kan vere i form av lønnsslippar som viser kva arbeidet gjeld, og kor mykje inntekta er på.


Les meir

Unntak frå inntektsgrensene (lanekassen.no)