Unntaket frå inntektsgrensa gjeld ut 2020

Publisert: 23.10.2020
Har du hatt ekstra inntekt for arbeid direkte knytt til koronapandemien? Då kan du få gjort om lån til stipend, sjølv om du har tent meir enn Lånekassens inntektsgrenser.

Det er ei grense for kor mykje du kan tene før du får redusert stipendet, eller ikkje får gjort om noko av lånet til stipend.

Unntaksregelen inneber at Lånekassen ser bort frå inntekt som er over grensa i perioden 1. mars til 31. desember 2020, dersom den er betaling for arbeid direkte knytt til koronapandemien. Det betyr at du kan tene over grensa for 2020 i denne perioden, og likevel få gjort om lån til stipend. Har du anna inntekt som ikkje er direkte knytt til koronapandemien i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Unntaket gjeld berre enkelte grupper

Det er regjeringa som har bestemt at unntaket skal gjelde studentar i høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet:

  •  studentar i Noreg som arbeider i helse- og omsorgssektoren
  • studentar i utlandet, både dei som arbeider i helse- og omsorgssektoren i Noreg og dei som eventuelt gjer dette i landet dei studerer i
  • politistudentar som melder seg til teneste i politiet eller til beredskapsarbeid
  • studentar som blir beordra til teneste i Heimevernet eller Sivilforsvaret

Studentar som har barn, får heller ikkje redusert barnestipendet ut frå ektefelle eller sambuar si ekstra inntekt frå arbeid knytt til koronapandemien. Dette unntaket gjeld også perioden mellom 1. mars og 31. desember 2020. Har sambuaren eller ektefellen din anna inntekt som ikkje er direkte knytt til koronapandemien i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Du må dokumentere at unntaket gjeld deg

Det er først sommaren 2021 vi sjekkar kor høg inntekt du hadde i 2020, for å vurdere om du har rett til stipend for kalenderåret 2020 eller ikkje. Det betyr at det er først då du skal sende inn dokumentasjon som viser at du eller sambuaren/ektefellen din har hatt inntekt knytt til koronapandemien. Har du ikkje hatt inntekt over grensa, treng du ikkje å sende inn noko.

Inntektsgrensa for 2020

Grensa er 188 509 kroner når du får støtte i meir enn sju månader i 2020, og 471 270 kroner når du får støtte i sju månader eller mindre i 2020.

Grensene for formue og trygd gjeld framleis

Det er ikkje gjort unntak frå grensene for kor høg formue eller trygd du kan ha , før stipendet blir redusert. Desse grensene gjeld framleis for studentar som kan få unntak frå inntektsgrensa på grunn av arbeid direkte knytt til koronapandemien.

 

Du treng ikkje sende inn dokumentasjon på inntekt no

Det skal du gjere etter at du har fått vedtaket ditt om omgjering, og berre om du har hatt inntekt over grensa.