Jobb og karriere i Lånekassen

Her får du møte tre tilsette i Lånekassen og lese om korleis det er å jobbe her.
Ida Grinnen

«Eg er stolt av arbeidsplassen min!»

Ida Grinnen, applikasjonsforvaltningsleiar:

– Som leiar for applikasjonsdrift i Lånekassen koordinerer eg samspelet mellom driftsleverandørane våre og dei interne ressursane våre. Det er å gøy å tilrettelegge for at vi både i utvikling, test og produksjon kan jobbe optimalt, og for meg er ingen dag på jobben lik.

Ho trekker fram variasjonen i arbeidsoppgåver, stadig nye utviklingstiltak og bruk av ny teknologi på skyplattforma, som noko av det som gjer arbeidskvardagen spennande.

– Det er til tider hektisk, men det gir berre meir motivasjon til å framheve dei mest effektive løysingane, påpeiker ho.

Ida starta i Lånekassen i 2018, og har bakgrunn som testleiar og leveranseansvarleg i Domstoladministrasjonen. Lånekassen sitt gode rykte løpte i forvegen og tipsa Ida om ein spennande arbeidsplass med gode sjansar for utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

– Forventningane gjekk spesielt på arbeidsmiljøet, som eg hadde høyrt mykje positivt om, og det har absolutt innfridd! Her er det eit aktivt fokus på det sosiale miljøet, og Lånekassen sitt samfunnsansansvar står høgt i heile organisasjonen, og smittar over på oss alle. Eg er stolt av arbeidsplassen min! I tillegg er det faglege nivået her veldig høgt, avsluttar Ida.

Sjå ledige stillingar
Sissel Schjølberg Halse

– Ein får venner for livet i Lånekassen!

SIssel Schjølberg Halse, kommunikasjonsrådgiver

Sissel er redaktør på lanekassen.no, og jobbar også mykje med å utarbeide kommunikasjonsplanar og gjennomføre ulike kommunikasjonstiltak. Teamet som ho er ein del av, jobbar tett på produktutviklinga i Lånekassen.

– Det funkar alltid best når vi tenkjer heilskapleg frå starten av. Jobben vår som kommunikasjonsfolk er jo å omsette noko vanskeleg til noko kunden skal forstå, og det perspektivet tar vi med oss inn i alle arbeidsoppgåver. Jo tidlegare vi er involvert i både regelendringar og utviklinga av tenestene, jo tidlegare får vi modna kommunikasjonsarbeidet, brukartesta og laga god informasjon til kundane. Og når alt funkar – når vi har treft på bodskap og får tilbakemeldingar frå kundesenteret om at kundane forstod informasjonen og handla i tråd med det vi ønskte – det er skikkeleg artig!

Sissel, og dei andre som jobbar med kundekommunikasjon, må også ha eit tett samarbeid med dei som jobbar med verksemdskommunikasjon, dei som kommuniserer og har dialog med lærestadene, og ikkje minst dei som faktisk snakkar med kundane.

Sissel er svært fornøgd med arbeidsmiljøet i Lånekassen.

– Her er det mange som er motiverte og framme i skoen for å prøve nye ting og samarbeide på nye måtar for at resultatet skal bli best mogleg for kunden. Folk heiar på kvarandre! Dessutan er det låg terskel for å stille store og små spørsmål, og du får gode og kloke svar tilbake. Ein får venner for livet når ein jobbar i Lånekassen!

 

Naska Xas

– Samfunnsoppdraget er ein viktig motivasjon

Naska Xas, Saksbehandlar

- Når du jobbar i Lånekassen jobbar du med menneske. Min jobb går ut på å vurdere rett til utdanningsstøtte. Eg er også i direkte kontakt med studentar og hjelper dei med søknadsprosessen dersom dei f.eks. skal sende inn dokumentasjon eller har blitt sjuke. Ein viktig del av jobben er å opplyse om rettar, seier Naska.

Samfunnsoppdraget til Lånekassen er ein viktig motivasjon for henne. – Mange tar nok støtta frå Lånekassen litt for gitt, men eg har bakgrunn frå Kurdistan i Iran. Der er det absolutt inga sjølvfølge å kunne ta høgare utdanning – spesielt ikkje for jenter. At eg jobbar ein stad som gjer utdanning mogleg for alle er veldig fint å tenke på, fortel Naska.

Naska jobbar som saksbehandlar i Oslo-seksjonen, men starta sin Lånekasse-karriere i Stavanger i 2013, og har også jobba på Tromsø-kontoret.
- Det er mange moglegheiter her, både til fagleg utvikling og til å få andre arbeidsoppgåver. No jobbar eg med saksbehandling, men ser moglegheiter for å også jobbe i andre avdelingar.

– Eg har møtt så mange fine menneske på alle dei tre kontora eg har jobba på. I Lånekassen får ein venner, ikkje berre kollegaer, påpeiker Naska.