
Inspirerande fagmiljø
Vi er opptatte av å ta vare på vårt gode og inspirerande arbeidsmiljø. Du vil frå første dag bli møtt med eit inkluderande fagmiljø og engasjerte kollegaer som følger deg opp tett – både fagleg og sosialt!
Lanekassen.no bruker cookies til å analysere trafikken på nettstaden, slik at vi kan forbetre informasjonen og tenestene våre.
Vi er opptatte av å ta vare på vårt gode og inspirerande arbeidsmiljø. Du vil frå første dag bli møtt med eit inkluderande fagmiljø og engasjerte kollegaer som følger deg opp tett – både fagleg og sosialt!
Når er du i flytsona? spør vår IT-direktør, Heidi.
… for kundane våre
Vi forvaltar og utviklar både kundetenestene og saksbehandlingssystemet in house. Våre IT-tilsette er stolte av å lage og vidareutvikle løysningane som gjer dagens og morgondagens utdanning mogleg.
… på ny teknologi
Vi byr på den nyaste teknologien på marknaden. Alt er utvikla på Microsoft-teknologi, med velkjente rammeverk og språk som .NET, C#, React, TypeScript, SQL, Entity Framework og PowerShell. No skal vi bruke containere og Kubernetes i mykje større grad. Vi skal bli enda meir datadrivne.
… med nysgjerrigheit og påverkingskraft
Vi er ikkje større enn at kvar enkelt IT-medarbeidar utgjer eit vesentleg bidrag til systema som gjer utdanning mogleg. IT-medarbeidarane hos oss er nysgjerrige og initiativrike, og hos oss er vegen ofte kort frå idé til å teste ut ved hjelp av teknologi og verktøy eller koding.
… nokre spreidd over heile landet
Vi er opptatte av å finne den riktige balansen mellom kontor og heimekontor. Mange av våre stillingar gir moglegheit for fast heimekontor, mens for andre stillingar ser vi helst at arbeidsstaden er på kontoret.
Vår IT-avdeling held til i Trondheim og Oslo, i tillegg har vi ti kollegaer frå nord til sør som jobbar frå permanent heimekontor. Hos oss er vi meir opptatt av digitalt nærvær enn fysisk fråvære, og at det som sit i hovudet, kan vere viktigare enn kvar hovudet sit.
… samtidig som vi har det gøy og lærer
Vi er så heldige at vi har eit arbeidsmiljø kor delingskultur ikkje berre er eit festord, men noko både IT-leiarane og medarbeidarane set aller høgst. Til saman dekker vår kompetanse heile IT-feltet, og våre tilsette seier sjølv at dei er ein del av eit unikt læringsmiljø, og at dei lærer noko nytt kvar einaste dag! Vi jublar når vi finn dei gode løysningane, og vi er saman om å løyse utfordringane.
– Utvikling handlar om å bruke dei rette verktøya til dei rette tinga, og det er først no eg har begynt å forstå kor mykje eg faktisk har lært i jobben. Eg har lært så sjukt, sjukt mykje, og gjer det framleis kvar dag, fortel han.
Owen meiner det er heilt nødvendig at vi bygger kvarandre gode:
– Vi er avhengige av at utviklarane kjem med anbefalingar! Vi bygger for eksempel system basert på React, Dapr, containere og Kubernetes – etter innspel frå utviklarane sjølv, fortel han.
For Owen er det berre kreativiteten som set grenser for korleis vi kan løyse oppgåvene:
– Det finst ingen grenser når det gjeld å utforske nye verktøy eller system – dersom det ikkje er mogleg, er det fordi utviklaren sjølv ikkje har tillit til at det lar seg løyse. Vi må våge, er oppfordringa frå utviklingsleiaren.
Owen har stor respekt for det Lånekassen gjer.
– Det er vanskeleg å sette ord på kor viktig det er – det er kult å vere med på det vi gjer – å gjere utdanning mogleg! Eg gler meg til å komme på jobb, det var definitivt dette eg signa opp for, seier Owen.
– Som leiar for applikasjonsdrift i Lånekassen koordinerer eg samspelet mellom driftsleverandørane våre og dei interne ressursane våre. Det er å gøy å tilrettelegge for at vi både i utvikling, test og produksjon kan jobbe optimalt, og for meg er ingen dag på jobben lik.
Ho trekker fram variasjonen i arbeidsoppgåver, stadig nye utviklingstiltak og bruk av ny teknologi på skyplattforma, som noko av det som gjer arbeidskvardagen spennande.
– Det er til tider hektisk, men det gir berre meir motivasjon til å framheve dei mest effektive løysingane, påpeiker ho.
Ida starta i Lånekassen i 2018.
– Forventningane gjekk spesielt på arbeidsmiljøet, som eg hadde høyrt mykje positivt om, og det har absolutt innfridd! Her er det eit aktivt fokus på det sosiale miljøet, og Lånekassen sitt samfunnsansansvar står høgt i heile organisasjonen, og smittar over på oss alle. Eg er stolt av arbeidsplassen min! I tillegg er det faglege nivået her veldig høgt, avsluttar Ida.
Endre blei tilsett for om lag eit år sidan. Han er ein av Lånekassen sine «heimekollegaer», og jobbar frå Ringebu.
– Eg ble tatt imot med opne armar, og trivst veldig godt! Folk er flinke til å inkludere deg og dele kunnskap, og ein blir fort ein godt integrert del av miljøet, fortel Endre.
Han og dei sju andre heimekollegaene startar dagen som alle dei andre IT-kollegaene, med stand up-møter. Kvar fredag har heimekollegaene felles kaffipause på Teams.
– Eg automatiserer Lånekassens IT-systemer og komplekse infrastrukturoppsett, og sidan jobben min er så fokusretta, er det gull verd å kunne sitte i fred og ro på heimekontoret utan summinga på kontoret. Og etter arbeidstid, eller i ein pause, har eg moglegheit til å stikke rett ut i naturen eller opp på fjellet, uttaler Endre fornøgd.
Han er svært fornøgd med både stacken og kollegaene:
– Lånekassen er framoverlent og har tatt i bruk mykje spennande ny teknologi. Å kunne boltre seg i Kubernetes, Azure, pipelines og mykje anna for å bidra til å løyse eit viktig samfunnsoppdrag er veldig motiverande. Teamet er svært kompetent og nysgjerrig, så her er det rom for å lære av kvarandre og spele kvarandre gode, smiler Endre.
– Eg har svært stort utbytte av å ha læreplass hos Lånekassen, her får eg gjort ting eg ikkje har gjort før, og eg lærer masse! Det seier ein av våre to lærlingar i IT-utvikling, Anders.
– Vi er veldig fornøgde med å ha IT-læringar hos oss. Dei tilfører IT-miljøet nye perspektiv, og er kreative og dyktige. Dessutan er det jo ekstra fint å gjere utdanning mogleg også frå «innsida», fortel IT-leiar Alexander, som har fagansvaret for dei to lærlingane.
Lånekassen si historie på 5 minutt
Kva vil du bli når du bli stor? Uansett kva du finn ut at du vil gjere, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan.