Bruk av cookies på lanekassen.no
Cookies (informasjonskapslar) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskinen din når du lastar ned ei nettside. Dei aller fleste nettsider bruker slike informasjonskapslar.
Korleis bruker Lånekassen cookies?
På lanekassen.no bruker vi to kategoriar av cookies. Vi har cookies som er nødvendige for at nettstaden skal fungere, og vi bruker cookies til analyse av nettrafikk. Det er ikkje mogleg å takke nei til bruk av nødvendige cookies, men om du ikkje eksplisitt samtykker til bruk av cookies bruker vi ikkje cookies til nettanalyse.
Til nettanalyse bruker vi verktøyet Siteimprove på lanekassen.no, Dine sider, data.lanekassen.no, Foreldresigneringsportalen, larestedsinfo.lanekassen.no og
Arbeidsflata for læresteder.
Lovheimlar for bruk av cookies
Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f, som tillet oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å ivareta ei rettkommen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Den rettkomne interessa er å få tenester på nettsida til å fungere.
Lagring av opplysningar og behandling av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukar både har blitt informert om og har gitt sitt samtykke til behandlinga. Brukaren skal få vite om og godkjenne kva for opplysningar som bli behandla, kva formålet med behandlinga er, og kven som behandlar opplysningane, jf. ekomloven § 2-7b.
Er eg anonym når eg bruker nettstaden?
Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg personleg, og opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. At opplysningane er avidentifisert betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til deg som brukar. Vi anonymiserer IP-adressa di og kan ikkje kople bruksstatistikk til enkelte IP-adresser. Les om korleis dette fungerer på https://support.siteimprove.com/hc/en-gb/articles/115000018831-IP-Anonymization-in-Siteimprove-Analytics
Oversikt over cookies på lanekassen.no
Nødvendige cookies
- Epi:StateMarker. Varigheit: Blir sletta når du lukkar nettlesaren.
- CookieConsent. Varigheit: 1 år. Cookien lagrar informasjon om du godtar cookies eller ikkje.
- CookieLkno. Varigheit: Blir sletta når du lukkar nettlesaren. Cookien lagrar informasjon om du er logga inn eller ikkje.
Informasjonskapslar i Siteimprove
- nmstat. Varigheit: 1000 dagar. Denne informasjonskapselen samlar informasjon om brukaren sine besøk på nettsida. Statistikk om bruk betyr for eksempel når brukaren sist besøkte sida. Informasjonskapselen inneheldt ein tilfeldig generert ID som blir brukt til å kjenne igjen nettlesaren når ein brukar besøker ei side. Informasjonskapselen inneheld ingen personleg informasjon og brukast berre til statistikk på bruk av sida.
- siteimproveses. Varigheit: Blir sletta når du lukkar nettlesaren. Denne informasjonskapselen blir berre brukt til å samle informasjon om kva for sider ein brukar besøker på nettsida. Informasjonen brukast til analyse av korleis brukarane beveger seg rundt på nettstader.
- Siteimprove-cookie-accept. Varigheit: Ein månad. Brukt av Siteimprove for å sjekke om nettlesaren aksepterer informasjonskapslar.
- sz-feedback-should-hide. Varigheit: Blir sletta når du lukkar nettlesaren. Denne cookien blir brukt dersom du har klikka for at du ikkje ønsker å sjå tilbakemeldingsboksen igjen. Cookien inneheldt ingen personopplysningar.
- _cfduid. Varigheit: Eitt år. Brukt av Siteimprove Analytics. Cookie frå CloudFlare som identifiserer sikker nettrafikk.