Pågåande og avslutta forskingsprosjekt

Lånekassen samlar inn og forvaltar store mengder personopplysningar. Regelverket gir oss høve til å dele personopplysningar når dei skal brukast i forsking. Det rettslege grunnlaget for ei slik behandling er personvernforordninga (GDPR) artikkel 6 nr. 1 e. og personopplysningsloven § 8 og § 9 (dersom utleveringa gjeld særlege kategoriar personopplysningar).

Opplysningar som er taushetsbelagde

Dersom forskinga skal bruke tausheitsbelagde opplysningar, er det opp til Kunnskapsdepartementet å fastsette om Lånekassen kan utlevere opplysningane til forskarane, jf. forvaltningsloven § 13 d. Når Lånekassen kan utlevere tausheitsbelagde opplysningar til forsking, vil forskarane vere underlagt teieplikt. Dei kan berre bruke opplysningane som ledd i forskingsarbeidet og i samsvar med dei vilkåra som måtte vere fastsette av departementet. Skal resultat av forskingsarbeidet publiserast eller brukast på annan måte, blir det enten kravt samtykke frå dei opplysningane gjeld, eller at vi gir opplysningane i statistisk form eller ved at individualiserande kjenneteikn blir utelate på annan måte.

Personverngarantiar

Når Lånekassen utleverer personopplysningar til forsking, er vi pålagde å sørge for nødvendige garantiar som tar i vare personvernet til dei registrerte, sjå GDPR art. 89.

Dette inneber at Lånekassen vil sørge for at

  • opplysningane som blir utleverte til forsking, er avgrensa til det som er nødvendig for forskinga og skjer på ein sikker måte
  • opplysningane blir avidentifiserte eller anonymiserte, der det er mogleg
  • forskarane er underlagt teieplikt og ikkje bruker opplysningane på andre måtar enn forskinga føreset
  • utleveringa er underlagt ei vurdering av personvernkonsekvensar etter GDPR artikkel 35, der utleveringa inneber ein høg risiko for dei registrerte sine rettar og fridommar

Forskingsprosjekt

Opplysningar utleverte til forskingsprosjekt i 2023:

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir.) fekk utlevert opplysningar frå Lånekassen for å kunne gjennomføre ei ny brukarundersøking blant utvekslingselevar. Lånekassen utleverer opplysningar til bruk i slike brukarundersøkingar.

Undersøkinga sitt formål: Formålet med undersøkinga er å legge til rette for at HK-dir kan gjennomføre samfunnsoppdraget sitt om å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring og styrke det internasjonale samarbeidet. Retten til utdanningsstøtte til utveksling i vidaregåande opplæring krev at utvekslinga skjer gjennom ein utvekslingsorganisasjon eller ein utvekslingsavtale, som skal vere godkjend av HK-dir. HK-dir. godkjenner slike utvekslingsopplegg etter forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte av utvekslingsorganisasjonar og utvekslingssamarbeid mellom norsk vidaregåande skole og utanlandsk skole, som er gitt med heimel i lov om utdanningsstøtte.

Kven som er omfatta av utleveringa: Elevar som fekk utdanningsstøtte til utvekslingsopphald vg2 i studieåret 2022-2023.

Kva opplysningar blir utlevert: Opplysningar frå Lånekassen gjeld namn, kontaktopplysningar, alder, kjønn, fylke, lærestad og utvekslingsland, om det gjaldt utdanningsstøtte for både haust og vår i 2022-2023, (men ikkje opplysningar om kva type lån og stipend som blei tildelt) og om utvekslinga skjedde via ein utvekslingsorganisasjon eller ein utvekslingsavtale.

Opplysningar utleverte til forskingsprosjekt 2020-2022:

Samspelet mellom introduksjonsprogrammet og Lånekassens utdanningsordningar

Oslo Economics har gjennomført ei utredning om samspelet mellom introduksjonsprogrammet og Lånekassens utdanningsordningar etter oppdrag utlyst av Kunnskapsdepartementet.
Formålet med prosjektet: Formålet er å få meir kunnskap om korleis introduksjonsstønaden og utdanningsstøtte frå Lånekassen verkar saman for å nå målet om at fleire vaksne innvandrarar skal få formelle kvalifikasjonar. Lånekassen utleverer i den forbindelse personopplysningar som ikkje direkte identifiserer personar til Oslo Economics.

Kven som er omfatta av utleveringa: Personar som har eller har hatt vern som opphaldsgrunnlag og som fekk utdanningsstøtte i perioden i løpet av undervisningsåra 2010–2011 t.o.m. 2020–2021.

Kva for opplysningar blir utleverte: Opplysningar frå Lånekassen gjeld beløp som er tildelt ovannemnte personar i forskjellige lån og stipendytingar frå Lånekassen per semester, også særlege kategoriar av opplysningar i form av sjukestipend og tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne. Vidare blir opplysningar om utdanningsopplegg, på kva for grunnlag lån og stipend er tildelt, og eventuelle utsettingar av tilbakebetaling, renter og lån og om mislighald av lån utleverte. Opplysningane blei utlevert i november 2021. 

Det er lagt til grunn at det ikkje finnast rett for ovannemnte personar til innsyn i, retting og avgrensa behandling av personopplysningar eller rett til å protestere mot behandlinga, jf. personvernforordninga art. 89, jf. art. 21 nr. 6 og personopplysningsloven § 17.

Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT)

Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomfører jamnleg SHoT-undersøkinga.

SHoT 2022

Den siste undersøkinga blei send ut i mars 2022.

Formålet med prosjektet er å kartlegge korleis studentane si helse og trivsel har vore det siste året. Prosjektet bruker fødselsnummer som Lånekassen har mottatt via ID-porten, for å kunne kople data frå denne SHoT-ruden til tidlegare undersøkingar. FHI opplyser at samanstilling av data er eit av dei viktigaste måla med SHoT, nemleg å sjå på utvikling av helsa til studentane over tid. SHoT-undersøkingane skal bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for å utvikle støtteordningane, slik at dei blir tilpassa behovet til studentane.

Kven er omfatta av utleveringa: Norske heiltidsstudentar i Noreg og utlandet.

Kva personopplysningar blir utleverte: Fødselsnummer, utdanningsinstitusjon.

SHoT 2021

Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomførte undersøkinga, som blei send ut i mars 2021.

Formålet til prosjektet: Formålet til SHoT-undersøkinga er å kartleggje korleis studentane sin helse- og trivselsituasjon har vore det siste året. Prosjektet bruker fødselsnummer som Lånekassen har mottatt via ID-porten, for å kunne kople data frå denne SHOT-runden til førre SHOT-undersøking i 2018. FHI opplyser at samanstilling av data er eitt av dei viktigaste måla med SHOT, nemleg å sjå på utvikling av helsa til studentane over tid. SHoT-undersøkingane skal bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle utdanningsstøtteordningane, slik at dei blir tilpassa studentane sine behov.

Kven er omfatta av utleveringa: Norske heiltidsstudentar i Noreg og utlandet.

Kva personopplysningar blir utleverte: Fødselsnummer.

Spørjeundersøking i samband med prosjekt om å tildele utdanningsstøtte til fagarbeidarar i 2021 og i 2022

Formål: Utlevering av opplysningar til SSB til bruk i Fafos spørjeundersøking blant personar som fekk tilbod om å søke om utdanningsstøtte til fagarbeidarar. Bakgrunnen var eit utviklingsprosjekt med støtte til fagarbeidarar som ønsker å ta vidareutdanning (yrkesfagleg vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning eller universitets- og høgskoleutdanning. Forskrifta om slik tildeling av utdanningsstøtte til denne gruppa tredde i kraft frå 25.2.2021 og gjeld til 15.8.2023.

Opplysningar utlevert til SSB i 2021: namn, telefonnummer, e-postadresse og fødselsnummer

Opplysningar utlevert i 2022: Fødselsnummer til SSB på søkarar som fekk utdanningsstøtte til fagarbeidarar per 15. november 2022.

Brukarundersøking av Lycée-ordninga 2020

Kunnskapsdepartementet har gitt Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) i oppdrag å innhente opplysningar frå Lånekassen for å gjennomføre ei brukarundersøking med formålet å kunne evaluere Lycée-ordninga. Lycée-ordninga er retta mot tidlegare og noverande elevar som tar vidaregåande i Frankrike innanfor den mellomstatlege avtalen mellom Noreg og Frankrike. Brukarundersøkinga skulle skje hausten 2020.

Kven er omfatta av utleveringa: Undersøkinga vil omfatte alle elevar som har starta på 3-årig løp ved norskseksjonane i Lyon, Rouen eller Bayeux i tidsrommet 1989–2017.

Kva personopplysningar blir utleverte: Namn, kontaktinformasjon, alder, heimkommune og eventuelle seinare lånekassestøtta utvekslingsopphald til studentane som er omfatta av undersøkinga.