Eige stipend for flyktningar
Kva er flyktningstipend?
Flyktningstipend er eit eget stipend til flyktningar i grunnskole eller vidaregåande opplæring. Flyktningstipendet inneber at lån du elles kunne fått frå Lånekassen, blir eit stipend i staden.
Du kan ikkje få flyktningstipend samtidig som du får introduksjonsstønad.
Du kan få flyktningstipend i tre år
Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innanfor ein periode på 6 år etter datoen du fekk innvilga vern. Kor mange år du kan få stipendet avheng derfor av kor raskt du begynner i utdanning etter at du fekk vern.. Begynner du på utdanninga innan tre år etter du fekk vern, kan du få flyktningstipend i tre år, men begynner du for eksempel i utdanning etter fem år, kan du berre få eitt år med flyktningstipend.
Perioden du kan få flyktningstipend kan bli utvida frå seks til åtte år om du har barn eller om du får barn i i den tida flyktningstipend normalt kan bli gitt. Dette gjeld også om du skal ta grunnskoleopplæring før du begynner på vidaregåande. Då kan du likevel få flyktningstipend i tre år sjølv om du ikkje begynte i utdanning før etter fem år.
Flyktninger som tar høgare og anna utdanning kan ikkje få flyktningstipend
Du kan ikkje få flyktningstipend til å ta utdanning ved ein høgskole eller eit universitet, eller til anna utdanning som ikkje er vidaregåande eller grunnskoleopplæring. Anna utdanning er for eksempel folkehøgskole, fagskole, kunstskole eller IT-skole.
Men du kan få stipend og lån etter dei same reglane som norske studentar. Inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine.