Utanlandsk statsborgar

Som hovudregel må du vere norsk statsborgar for å få støtte frå Lånekassen. Utanlandske statsborgarar kan få støtte til utdanning i Noreg dersom dei oppfyller bestemte vilkår.

Sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknyting til riket

Du har opphald i Noreg på grunn av sterke menneskelege omsyn eller særleg tilknyting til riket.

Bur du i asylmottak, har du ikkje rett til støtte. Skal du ta vanleg vidaregåande opplæring og framleis bur i asylmottaket etter at du har fått opphaldsløyve, kan du likevel ha rett til utstyrsstipend. Du kan ha rett til vanleg støtte når du har flytta ut av asylmottaket.

Dokumentasjonskrav: Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon. Vi hentar opplysningane vi treng frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Gift med norsk statsborgar

Du er gift med ein norsk statsborgar, eller du har felles barn med ein norsk sambuar. Både du og ektefellen/sambuaren din bur i Noreg.

Dokumentasjonskrav: Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon. Vi hentar opplysningane om eventuell opphaldsløyve frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Lånekassen sjekkar opplysningar om ekteskap og/eller barn i Folkeregisteret.

Familiemedlem til EØS-borgar

Du har opphaldsrett i Noreg som familiemedlem til ein EØS-borgar. EØS-borgaren må ha eit anna opphaldsgrunnlag i Noreg enn utdanning.

Du må sende inn

  • kopi av ditt noverande opphaldsløyve
  • kopi av vedtak frå Utlendingsdirektoratet (UDI) eller politiet som viser at du har familieinnvandring til ein familiemedlem som har opphaldsløyve i Noreg. Du må sende inn vedtaket om familieinnvandring sjølv om du no har permanent opphaldsløyve.
  • kopi av noverande opphaldsløyve eller registreringsbevis for den personen du har familieinnvandring til

Er du nordisk statsborgar, kan du også få støtte etter dette punktet. Du må sende inn opplysningar om familien din i Noreg. Med familie meiner vi her far, mor, ektefelle, eller sambuar som du har felles barn med. Du må gi opplysningar om namnet hans/hennar, fødselsnummer, adresse i Noreg, og kor lenge han/ho har budd i Noreg. Du må også sende inn dokumentasjon som viser kva han/ho gjer i Noreg (f.eks. stadfesting frå arbeidsgivar eller lærestad).

Statsborgarar frå Storbritannia

I ein overgangsperiode som gjeld ut 2020, skal Storbritannia bli behandla som om de framleis var medlem av EU og EØS. Er du statsborgar frå Storbritannia, har du rett til lån og stipend frå Lånekassen dersom du hadde rett til opphald i Noreg i samsvar med EØS-avtalen før utløpet av overgangsperioden (31.12.2020). Du må også ha opphalde deg i Noreg.

Kom du til Noreg frå og med 1. januar 2021, kan du søke lån og stipend etter dei same vilkåra som borgarar frå land utanfor EU/EØS. Dei same reglene gjeld for familiemedlemane dine.

Familieinnvandring

Du har opphaldsløyve på grunnlag av familieinnvandring. Den du er gjenforeint med, må ha eit anna opphaldsgrunnlag i Noreg enn utdanning.

Dokumentasjonskrav: Er du statsborgar i eit land utanfor Norden, treng du ikkje sende inn dokumentasjon. Vi hentar opplysningane vi treng frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Er du nordisk statsborgar, kan du også få støtte etter dette punktet. Du må sende inn opplysningar om familien din i Noreg. Med familie meiner vi her far, mor, ektefelle, eller sambuar som du har felles barn med. Du må gi opplysningar om namnet hans/hennar, fødselsnummer, adresse i Noreg, og kor lenge han/ho har budd i Noreg. Du må også sende inn dokumentasjon som viser kva han/ho gjer i Noreg (f.eks. stadfesting frå arbeidsgivar eller lærestad).

Fulltidsarbeid

Du har vore busett i og har hatt samanhengande fulltidsarbeid i Noreg i minst 24 månader like før oppstart i utdanninga. Du må ha hatt opphaldsløyve som arbeidstakar og betalt skatt til Noreg i denne perioden.

Au pair-arbeid blir ikkje rekna som fulltidsarbeid og gir derfor ikkje rett til støtte frå Lånekassen.

Du må sende inn

  • stadfesting(r) frå arbeidsgivar(e) som viser at du har hatt samanhengande fulltidsarbeid i Noreg i minst 24 månader like før oppstart i utdanninga (frå- og til-dato). Stadfestinga(e) må vise stillingsprosent og frå- og til-dato for arbeidsforholdet. Dei må vere signerte av arbeidsgivar og skrive på offisielt brevpapir, eller ha stempelet til arbeidsgivaren. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.
  • dokumentasjon som viser at du har betalt skatt til Noreg i dei siste 24 månadene like før oppstart i utdanninga. Dette kan for eksempel vere kopi av utskrift av grunnlag for skatt (utskrift av likning), lønns- og trekkoppgåver eller lønnsslepp.

Utdanning

Du har i ei oppteningstid på minst tre år tatt samanhengande utdanning i Noreg, og du har bestått utdanning som tilsvarer minst tre års fulltidsutdanning (tilsvarande 180 studiepoeng).

Det skal ikkje vere opphald mellom utdanninga du har tatt i Noreg og perioden med lån og stipend.

Du kan i denne perioden ikkje ha fått lån og stipend til utdanninga frå Lånekassen, offentlege utdanningsstøtteordningar i andre land, for eksempel Centrala studiestödsnämnden og Uddannelsesstyrelsen, eller frå norske offentlege støtteordningar for utvikling, for eksempel Norad, The Norwegian Programme for Development, Research and Education (NUFU), The Norwegian Programme for Capacity Development in Higher Education and Research for Development (NORHED).

Dokumentasjonskrav: Du må sende inn karakterutskrift eller vitnemål for utdanninga du har tatt i Noreg. Karakterutskrifta må ha stempel og underskrift av lærestaden.

Vern (asyl)

Du har fått vern (asyl) i Noreg.

Bur du i asylmottak, har du ikkje rett til lån og stipend. Skal du ta vanleg vidaregåande opplæring, kan du likevel få utstyrsstipend. Du kan ha rett til andre lån og stipend når du har flytt ut av asylmottaket.

Du kan ha rett til flyktningstipend til grunnskoleopplæring og til vidaregåande opplæring.

Les meir om flyktningstipend.

Du må sende inn

  • kopi av vedtaket som viser perioden du får introduksjonsstønad, dersom du får det

Har du avslutta eit introduksjonsprogram, må du sende inn

  • stadfesting frå kommunen eller Nav som viser datoen du fullførte programmet

Lån og stipend til utdanning i utlandet

For å få støtte til utdanning i utlandet må du som hovudregel vere norsk statsborgar. Lånekassen kan på visse vilkår gjere unntak for borgarar frå EØS- eller EFTA-land og deira familiemedlemmer.

Les meir på sidene for EØS/EFTA-borgarar

Informasjon på ulike språk

Du kan laste ned brosjyrar med informasjon til utanlandske statsborgarar og flyktningar på blant anna arabisk, somali, farsi, tigrinja og engelsk.