Barnevern og fosterheim

Elevar som er under omsorg av barnevernet, får i mange tilfelle redusert støtte frå Lånekassen.

Med «under omsorg av barnevernet» meiner vi at eleven sjølv, eventuelt fosterheimen eller barnevernsinstitusjonen eleven bur i, får pengar frå barnevernet til å dekke buutgifter og/eller utgifter til livsopphald.

Hovudregelen er at elevane ikkje skal få dobbel dekning frå det offentlege. Det vil seie at ikkje to ulike offentlege etatar skal dekke utgifter til livsopphald – i dette tilfellet barnevernet og Lånekassen.

Elevar i vanleg vidaregåande opplæring

Elevar i vanleg vidaregåande opplæring med ungdomsrett har rett til utstyrsstipend, uavhengig av kor mykje støtte dei får frå barnevernet. Dei treng heller ikkje å sende inn dokumentasjon. Utstyrsstipendet er ei enkeltutbetaling i starten av studieåret, og er eit bidrag til nødvendig utstyr til utdanninga. I 2024–2025 er stipendet på mellom 1 359 kroner og 6 999 kroner, avhengig av kva utdanningsprogram eleven går på.

Dei aller fleste elevar som bur i fosterheim får berre utstyrsstipendet. Men dei har også rett til lån til skolepengar ved private vidaregåande skolar, eller stipend til skolepengar ved internasjonale eller utanlandske skolar.

Elevar som er under omsorg av barnevernet, men bur for seg sjølve, har rett til støtte frå Lånekassen. Føresetnaden er at støtta frå barnevernet er mindre enn det eleven kan få frå oss. I 2024–2025 er satsen for bortebuarstipend, som er tilskott til bolig, 6 677 kroner per månad. Satsen for inntektsavhengig stipend, som er tilskott til livsopphald, er 3 875 kroner i månaden. Er utgiftsdekninga frå barnevernet på same nivå eller høgare enn satsane til Lånekassen, misser eleven retten til det aktuelle stipendet. Det vil seie at om eleven får det same beløpet eller meir i støtte frå barnevernet enn det Lånekassen kan gi, misser eleven retten til stipendet. Dersom støtta frå barnevernet er lågare enn våre satsar, gir vi full støtte.

Når eleven søker om lån og stipend, må han dokumentere støtta frå barnevernet, og kva støtta er meint å dekke.

Verjer og signering av avtale om støtte

Eleven må sjølv signere ein avtale om støtte før pengane frå Lånekassen kan bli utbetalte. Er eleven over 18 år, må han signere avtalen sjølv. Dersom eleven er under 18 år (mindreårig), må ein forelder signere. I tilfelle der eleven har ei oppnemnd verje, kan verja signere avtalen. For dei fleste er det ikkje nødvendig å sende inn dokumentasjon på kven som er verje, men i somme tilfelle tar vi kontakt og ber om å få tilsendt verjeoppnemninga.

Studentar i høgare eller anna utdanning

Studentar som bur for seg sjølve, og er i anna utdanning enn vanleg vidaregåande opplæring, får lån og stipend etter vanlege reglar. Føresetnaden er at utgiftsdekninga frå barnevernet er under Lånekassen sin sats for basislån, som i 2024–2025 er på 13 790 kroner i månaden. Får studenten støtte frå barnevernet over dette beløpet, misser han retten til stipend og lån. Er utgiftsdekninga på same nivå eller lågare enn satsen for basislån, har studenten rett til fullt stipend og lån. Studenten må dokumentere støtta frå barnevernet og kva den er meint å dekke, når hen søker om lån og stipend.

Studentar som bur i fosterheim, får lån på lik linje med studentar som bur saman med foreldra sine. Dei har rett til basislånet, men ingenting av lånet kan bli gjort om til stipend etter bestått utdanning.