Fagarbeidarar kan få eit ekstra lån frå Lånekassen
Kvifor får eg denne informasjonen?
Har du fått tilsendt ein e-post med informasjon om vidareutdanning, er det fordi du er plukka ut som éin av 62 000 personar i eit forsøk i regi av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Forsøket undersøker om økonomi og informasjon om utdanningsmoglegheiter og karriererettleiing har betydning for fagarbeidarar sitt val av vidareutdanning. Derfor får du eit tilbod om eit lån som kan bli stipend.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har trekt ut fagarbeidarar til forsøket, basert på utdanningsstatistikken, og forskarar frå Fafo og Frischsenteret vil evaluere resultata. Sjølv om du ikkje begynner på vidareutdanning no, kan du bli kontakta av forskarane seinare. Dersom du har spørsmål om sjølve forsøket eller gjennomføringa av det, sjå Kompetanse Norge sine nettsider.
Kva utdanningar kan eg ta?
For å få lånet på inntil 50 000 kroner, må du ta yrkesfagleg vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning eller høgare utdanning i Norge i studieåret 2022-2023. Utdanninga må vere godkjend for støtte frå Lånekassen, og du må søke om å få innvilga lånet.
Kva kan eg få frå Lånekassen?
Du kan få eit lån som kan bli gjort om til stipend dersom du består eksamen. Lånet er på inntil 25 000 kroner per semester, og det kjem i tillegg til vanleg lån og stipend frå Lånekassen. Du kan velje å søke om vanleg lån og stipend i tillegg til lånet på inntil 25 000 kroner per semester. Det gjer du i den same søknaden om lån og stipend.
Kor mykje du kan få er avhengig av kor lang utdanninga di er, altså om den går over heile studieåret (august-juni) eller kortare. Om du tek utdanninga på fulltid eller deltid har også betydning. Studerer du på deltid, blir lånet redusert i forhold til deltidsprosenten din. Det vil seie at om du for eksempel studerer 50 prosent, kan du maksimalt få 50 prosent av støtta.
Lånet kan ikkje bli gjort om til foreldrestipend dersom du får barn.
Får du tilbod om å vere med i forsøket i studieåret 2022-2023, vil du få tilbod om lån for fagarbeidarar i dette studieåret, og ikkje seinare. Du kan altså berre få dette lånet i eitt år. Du kan likevel framleis søke om vanleg lån og stipend, også etter studieåret 2022-2023, dersom du begynner på ei fleirårig utdanning.
Du må oppfylle dei generelle reglane for å ha rett til lån og stipend frå Lånekassen for å få både vanleg støtte og den ekstra støtta gjennom denne forsøksordninga. Det inneber blant anna at du ikkje kan vere meir enn eitt år forseinka frå tidlegare utdanning, og at du ikkje kan ha mislighalde tidlegare studielån.
Kva skal til for å få lånet?
For å få lånet gjort om til stipend, må du bestå eksamen. Består du berre delar av utdanninga di, får du gjort om ein mindre del av lånet til stipend. Fristen for å bestå utdanninga er inntil fire år fram i tid.
Stipendet for fagarbeidarar blir ikkje behovsprøvd mot inntekt og formue slik det vanlege utdanningsstipendet blir. Det betyr at ekstra lån for fagarbeidarar som er gjort om til stipend, fortset å vere stipend uansett kor mykje du tener eller kor stor formue du har.