Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Eksempel: sambuar med felles barn

    Eva er fulltidsstudent og går på det første året på eit masterstudium. Ho har termin i juli og bur saman med barnefaren. Han har 420 000 kroner i årslønn i 2019.

    Når barnet er født, får Eva støtte som tilsvarer det ho elles ville fått frå Lånekassen, som er 11 020 kroner i månaden. Forsørgjarstipendet er redusert, fordi barnefaren tener meir enn inntektsgrensa på 411 968 kroner. Utbetalingane i perioden med foreldrestipend utgjer 12 336 kroner per månad og alt blir utbetalt som stipend.

    Slik reknar vi ut forsørgjarstipendet

    • Barnefaren tener 420 000 kroner i 2019. Det er 8 032 kroner over grensa.
    • Fem prosent av 8 032 er 401,6.
    • Maksimalt forsørgjarstipend er 1 717 kroner i månaden.
    • Eva har rett til 1 717 - 401 kroner = 1 316 kroner i månaden i forsørgjarstipend.