Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Behandling av søknaden og utbetaling

    I første omgang får du utbetalt vanleg stipend/lån. Unntaket er dersom du har permisjon frå utdanninga ved semesterstart. Då får du ikkje utbetalt støtte før søknaden om foreldrestipend er innvilga.

    Har du fått utbetalt lån for den perioden du skal ha foreldrestipend, blir lånet gjort om til foreldrestipend når vi behandlar søknaden din om foreldrestipend. Det er fødselsdatoen, ikkje termindatoen, som avgjer perioden med foreldrestipend.

    Dersom du har rett til forsørgarstipend, blir det etterbetalt for tida frå fødselen og fram til søknaden blei godkjend. Foreldrestipendet og eit eventuelt forsørgarstipend blir deretter overført månadleg til kontoen din.