Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Er du gift, eller har felles barn med sambuaren din?

    Er du sambuar med felles barn eller gift, må du i tillegg

    • legge ved fødselsnummeret til sambuaren/ektefellen din.
    • legge ved stadfesting som viser om sambuaren/ektefellen din skal ta ut foreldrepengar, og i så fall i kva periode.

    Forsørgarstipendet blir behovsprøvd mot inntekta til ektefellen/sambuaren din. Lånekassen hentar informasjon om inntekta hans/hennar frå a-ordninga. Dei aller fleste treng altså ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt.

    Dersom ektefellen/sambuaren din er sjølvstendig næringsdrivande eller bur i utlandet, må du likevel sende inn dokumentasjon sjølv. Då må du sende inn dokumentasjon som viser brutto inntekt/stønad/trygd for sambuaren/ektefellen din, for eksempel kopi av lønnsslepp.