Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Foreldrepengar frå Nav

    Dersom ektefellen eller sambuaren din får foreldrepengar frå Nav, kan det påverke kor mykje foreldrestipend du får. Ein eventuell reduksjon / tap av foreldrestipend gjeld berre i den perioden han eller ho mottek foreldrepengar frå Nav.

    Kor stor gradering tar han/ho ut i foreldrepengar frå Nav? Kor mykje du får i foreldrestipend frå Lånekassen
    100 % gradering/fulle foreldrepengar Får ikkje foreldrestipend (0 %)
    50–99 % graderte foreldrepengar Halvt foreldrestipend (50 %)
    0 - 49 % graderte foreldrepengar Fullt foreldrestipend (100 %)

    Eksempel: Du får foreldrestipend dei første ti vekene av perioden. Etterpå tar ektefellen eller sambuaren din ut fire veker foreldrepermisjon med 100 prosent foreldrepengar frå Nav. I desse fire vekene får ikkje du foreldrestipend. Når ektefellen/sambuaren din går tilbake i jobb, kan du få fullt foreldrestipend igjen.