Omgjering av lån til stipend

Sist oppdatert: 31.05.2019
Det er ulike ordningar for omgjering av lån til stipend, avhengig av hva slags utdanning du får støtte til.

Elevar i vanleg vidaregåande skole får ikkje gjort om lån til stipend.

To ulike ordningar for omgjering*

Frå og med undervisningsåret 20192020 er det to ulike ordningar for omgjering av lån til stipend:

  • éin for deg som tek høgare utdanning, for eksempel ved ein høgskole eller eit universitet. Du får omgjering når du består studiepoeng undervegs i utdanninga, i tillegg til når du består ein grad.
  • éin for deg som tek anna utdanning, for eksempel ved ein fagskole eller ein folkehøgskole. Du får omgjering når du består studiepoeng undervegs i utdanninga.
*Omgjering for undervisningsåret 20182019 følgjer den tidlegare ordninga. Det betyr at du kan få omgjort inntil 40 prosent av basisstøtta dersom du har bestått studiepoenga du fekk støtte til i dette undervisningsåret. Dette gjeld både for deg som har teke høgare og anna utdanning.