Eksamensresultat og omgjering

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
For å ha rett til omgjering av lån til stipend, må du bestå utdanning.

For å ha rett til omgjering av lån til stipend, må du bestå utdanning. Inntil 40 prosent av basisstøtta kan bli gjord om til stipend. Kor mykje lån du kan få gjort om er avhengig av kor mange studiepoeng eller tilsvarande du har bestått. Du kan ikkje få gjord om meir enn 40 prosent av basisstøtta til stipend, sjølv om du består meir utdanning enn normert.

Forutsett at du ikkje budde saman med foreldra dine, og du hadde inntekt og formue under grensene, får du full omgjering dersom du har bestått like mange studiepoeng som du har fått støtte til å ta. Dersom du for eksempel har fått støtte til fulltidsstudium i ein helt undervisningsår, må du bestå 60 studiepoeng eller tilsvarande dette året for å få full omgjering.

Dersom du består mindre utdanning enn det du har fått støtte til å ta, får du mindre lån gjort om til stipend, men du kan få omgjering for den utdanninga du faktisk har bestått. Når Lånekassen har utført omgjeringa, får du eit vedtaksbrev i postkassen på Dine sider. I dette brevet vil du kunne sjå kva eksamensresultat vi har brukt i omgjeringa.

Vedtaksbrevet om omgjering av lån til stipend kan vere vanskeleg å forstå dersom

Når du har blitt forseinka tidlegare

Vi gjer alltid om lån til stipend for den eldste perioden først. Har du på eit tidlegare tidspunkt blitt forseinka i utdanninga di, kan du ha lån frå eitt eller fleire semester tilbake i tid, som ikkje er gjort om til utdanningsstipend. Når vi får melding om nye studiepoeng du har bestått, omgjer vi derfor den eldste delen av lånet først.

Forseinka frå tidlegare

Ein student fekk støtte til fulltidsutdanning i 2016 og bestod 30 av 60 studiepoeng. Fordi studenten berre bestod halvparten av studiepoenga, fekk han omgjort berre halve omgjeringslånet for 2016 til stipend.

Studenten fekk så støtte til fulltidsutdanning i 2017, og då bestod studenten 60 av 60 studiepoeng. Fordi studenten framleis hadde omgjeringslån for 2016 blir 30 av dei 60 studiepoenga frå 2017 brukte til å gjere om det eldste lånet.

Dei resterande 30 studiepoenga blir brukte til omgjering for 2017, men studenten er framleis forseinka i utdanninga si, og halvparten av omgjeringslånet hans for 2017 blir dermed ståande som lån. Grunnen til at vi omgjer lån for den eldste perioden først, er at den delen av lånet som kan bli til stipend, blir forelda etter fire år.

Når du består meir utdanning enn det du har fått støtte til

Vi bruker alltid dei eldste eksamensresultata til omgjering først. Dersom du tidlegare har bestått meir utdanning enn du har fått støtte til, har du ein «restpott» med studiepoeng som ikkje har blitt brukt til omgjering. Ei fulltidsutdanning tilsvarer 60 studiepoeng i året. Dersom du har teke fleire studiepoeng enn 60 på eitt år, vil dei ekstra studiepoenga bli brukte til omgjering seinare.

Bestått ekstra utdanning

Ein student fekk støtte til fulltidsutdanning i 2016 og bestod 90 studiepoeng, altså 30 studiepoeng meir enn dei 60 studiepoenga han hadde fått støtte til. Lånekassen brukte 60 studiepoeng til å gi full omgjering for 2016, medan dei 30 ekstra poenga blei lagde i ein «restpott» til bruk for seinare omgjeringar.

Studenten fekk så støtte til fulltidsutdanning i 2017 og bestod 60 av 60 studiepoeng. Ved omgjering blei «restpotten» frå 2016 først brukt og deretter 30 av dei 60 nye studiepoenga.

Dersom denne studenten får utdanningsstøtte seinare utan å bestå fag, kan han likevel få omgjering for dei 30 studiepoenga han har til gode.

Eksamensresultat kan gi omgjering fire år fram eller tilbake i tid.

Må eg sende inn eksamensresultata mine?

Lånekassen får automatisk melding om kor mange studiepoeng/fagskolepoeng/årstimar du har bestått frå lærestader i Noreg. Har du studert i Noreg, treng du altså ikkje å sende inn eksamensresultat til oss.

Dersom du har teke eit delstudium i utlandet, må du sende eksamensresultata til ditt norske lærestad, som vil rapportere desse vidare til Lånekassen. Dersom du har teke ei gradsutdanning i utlandet, må du sjølv sende inn eksamensresultata til Lånekassen.

Ujamn fordeling av studiepoeng

Dersom du tek ei utdanning som gir ujamn utteljing av studiepoeng per år, er det sannsynleg at du vil ende opp med ein liten rest av ubrukte studiepoeng etter bestått utdanning.

Tek du ein 3-årig bachelorgrad, får du 180 studiepoeng. Til vanleg får du 60 studiepoeng per år.

Somme gradar og utdanningar er lagde opp slik at fordelinga av studiepoeng som blir tekne kvart semester eller undervisningsår, er ujamn. Tek du for eksempel 45 studiepoeng det første året og 65 studiepoeng det andre året, må du ta 70 studiepoeng det tredje året for å oppnå full studiebelastning i løpet av tre år.

Følgjer du eit slikt undervisningsopplegg, vil du ikkje få full omgjering det første året. Seinare i utdanninga, når du har teke dei manglande studiepoenga, vil vi gjere om den delen av lånet du tidlegare ikkje har fått omgjort.

Hugs at likninga må vere klar før vi kan gjere omgjeringslån om til stipend.