Omgjering av lån til stipend for utdanning bestått i 2018

Sist oppdatert: 30.07.2019
Frå juli 2019 og utover hausten sender Lånekassen ut vedtak til studentar om omgjering for studiepoeng/utdanning som er bestått i 2018.

Frå og med undervisningsåret 2019–2020 er reglane for omgjering av lån til stipend endra. Denne endringa gjeld ikkje for utdanning du tok i vårsemesteret og haustsemesteret 2018, og heller ikkje for vårsemesteret 2019.  Og omgjeringa som blir gjort frå juli 2019 og utover hausten, gjeld først og fremst utdanning som er bestått våren og hausten 2018, eller tidlegare.

Omgjering for studiepoeng/utdanning som er bestått i vårsemesteret 2019, skjer når vi får opplysningar frå skatteetaten sommaren/hausten 2020.

Følg med på omgjeringa på Dine sider.

Vilkår for å få lån omgjort til stipend
Du må bu borte, altså ikkje bu saman med foreldra dine. 
Les om kven som blir rekna som bortebuar.
Du må ha inntekt, formue og trygdeinntekter under grensene til Lånekassen. 
Les meir om grensene for inntekt, formue og trygd.
Du må bestå studiepoeng/utdanning.

Vilkår for å få lån omgjort til stipend

  1. Du må bu borte, altså ikkje bu saman med foreldra dine.
    Les om kven som blir rekna som bortebuar.
  2. Du må ha inntekt, formue og trygdeinntekter under grensene til Lånekassen. 
    Les meir om grensene for inntekt, formue og trygd.
  3. Du må bestå studiepoeng/utdanning

Omgjeringa skjer automatisk for studentar i Noreg  

Studentar i Noreg treng ikkje sende inn noko til Lånekassen for å få omgjort lån til stipend. Lærestaden din og skatteetaten sender oss dei opplysningane vi treng for å kunne gjere om lån til stipend. Vi gjer om lån til stipend etter kvart som vi får inn denne informasjonen, og derfor kan det ta ei stund frå du tek studiepoeng til du får gjort om lån til stipend. 

Studentar i utlandet må sende inn dokumentasjon sjølve

Studerer du i utlandet, må du sende inn kopi av vitnemål eller offisiell eksamensutskrift for å få gjort om lån til stipend. Du blir varsla om når og korleis du skal dokumentere dette på Dine sider. 

Har du vore på eit studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga di i Noreg, er det den norske lærestaden din som skal godkjenne utdanninga di og rapportere inn eksamensresultata til Lånekassen.

Du får to typar vedtak

Det er to typar vedtak du får i samband med omgjering av lån til stipend.

Vedtak 1: Vedtak om kontroll mot inntekt, formue og trygd gir informasjon om kor høg inntekt, formue og trygd skatteetaten har oppgitt at du hadde i 2018. 

Vedtak 2: Vedtak om omgjering gir informasjon om kor mykje lån du får gjort om til stipend, og om kor mange studiepoeng / bestått utdanning som er rapportert inn for deg.

Simuler korleis omgjering skjer på Dine sider 

På Dine sider kan du simulere tidslinja for korleis omgjeringsprosessen skjer, og når du får første rekninga frå Lånekassen ved avslutta utdanning.

Skjermbilete Dine sider meny