Omgjering for studentar i høgare utdanning

Sist oppdatert: 19.09.2019
For deg som studerer på høgskole og universitet skjer noko av omgjeringa når du består studiepoeng undervegs i studieløpet, og noko av omgjeringa skjer etter at du har fullført heile graden din.

Omgjering for undervisningsåret 2018-2019 følgjer den tidlegare ordninga, som betyr at du berre må bestå studiepoeng undervegs i utdanninga di for å få omgjort inntil 40 prosent av basisstøtta. For undervisningsåret 2018-2019 må du derfor ikkje bestå ein grad for å få gjort om lån til stipend.

Kva skal til for å få gjort om lån til stipend

1. Du må være bortebuar
Bur du saman med foreldra dine, får du ikkje gjort om lån til stipend.

Les om kven som er rekna som bortebuar.

2. Du må ha inntekt, formue og trygdeinntekter under grensene
Vi kontrollerer inntekta di kvart år. Er inntekt, formue eller trygda di over grensene, blir beløpet du kan få gjort om til stipend redusert. Du får eit vedtaksbrev frå oss på Dine sider når vi har kontrollert inntekta di.

Les meir om grensene for inntekt, formue og trygd.

3. Du må bestå studiepoeng undervegs
Inntil 25 prosent av basisstøtta (det beløpet som heiter «omgjeringslån») kan bli gjort om til stipend viss du består studiepoeng. Du må bestå like mange studiepoeng som du har fått støtte til for å få full omgjering.

4. Du må bestå ein grad
Inntil 15 prosent av basisstøtta (det beløpet som heiter «gradsomgjeringslån») kan bli gjort om til stipend viss du består ein grad*.

Les meir om korleis omgjering fungerer.

I tillegg til dei vanlege gradane, er det nokre utdanningar som gir gradsomgjering sjølv om de ikkje leier fram til ein grad. Desse er:

  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Helsesjukepleiar (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Jordmor (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie

Ph.d.-utdanning i utlandet kan også gi gradsomgjering, men dette gjeld ikkje for ph.d.-utdanning tatt i Norge.

Studentar i Noreg treng ikkje sende inn noko

Lånekassen får opplysningar om beståtte studiepoeng frå lærestaden din, og om inntekt og formue frå skatteetaten. Du treng derfor ikkje sende inn noko sjølv. Har du studert i utlandet, må du sende inn kopi av vitnemålet ditt når du har fullført heile graden.

Når skjer omgjeringa?

Inntekt og formue er avgjerande for kor mykje av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend. Derfor kan du ikkje få gjort om lån før vi får opplysningar om inntekt og formue frå skatteetaten, året etter at du fekk støtte.

Logg inn på Dine sider for å sjekke kor mykje du maksimalt kan få gjort om til stipend og når du kan forvente å få omgjering.

Kva er rekna som ein grad?

Du kan få gjort om gradsomgjeringslån til stipend om du består ein av følgjande grader:

Grad

Normert tid

Bachelorgrad 3 år
Toårig mastergrad 2 år
Femårig mastergrad 5 år
Høgskolekandidat 2 år
Profesjonsutdanning 3-6 år, avhengig av normert tid for studiet

Eg tar eit årsstudium eller enkeltfag/-emne

Tar du eit årsstudium eller enkeltfag/-emne ved eit universitet eller ein høgskole, har du i utgangspunktet ikkje rett til gradsomgjering, med mindre faga kan inngå i ein grad som du fullfører seinare. Får du gradsomgjeringslån og ikkje tar ein heil grad, blir gradsomgjeringslånet verande eit lån som du må betale tilbake.

Eg får støtte til deltidsutdanning

Har du studielån frå før og får ny støtte til ny utdanning på deltid, blir ikkje lånet rente- og avdragsfritt. Då må du betale på det gamle studielånet ditt, samtidig som du får ny støtte. Du kan likevel søkje om betalingsutsetjing og sletting av renter. Vær oppmerksam på at det er ein inntektsgrense for å ha rett til å få slettet renter når du tek utdanning på deltid. Les om sletting av renter ved deltidsutdanning.

Kva skjer om eg blir forseinka?

Blir du forseinka i utdanninga di, vil dette påverke omgjeringa frå lån til stipend.

Les meir om kva som skjer dersom du blir forseinka her.

Er det ein frist for å få omgjering?

Det er reglar for kor lenge Lånekassen kan vente på eksamenar for at du skal få gjort om lån til stipend, og også for kor langt fram i tid ein eksamen kan gi omgjering. 
Omgjeringslån lån bli gjort om til stipend i opptil fire år tilbake i tid. Vi reknar frå det kalenderåret der vi mottek eksamensresultat frå lærestaden din. 
Dersom eksamensresultat ikkje blir rapportert inn til oss innan tidsfristen, kan omgjeringslån bli forelda. Det betyr at du ikkje lenger rett til å få dette lånet gjort om til stipend.  
Du finn meir informasjon om omgjering tilbake i tid og fram i tid på under sida Omgjering  på Dine sider.

Det er reglar for kor lenge Lånekassen kan vente på eksamenar for at du skal få gjort om lån til stipend, og også for kor langt fram i tid ein eksamen kan gi omgjering.

Omgjeringslån lån bli gjort om til stipend i opptil fire år tilbake i tid. Vi reknar frå det kalenderåret der vi mottek eksamensresultat frå lærestaden din.

Dersom eksamensresultat ikkje blir rapportert inn til oss innan tidsfristen, kan omgjeringslån bli forelda. Det betyr at du ikkje lenger har rett til å få dette lånet gjort om til stipend.

Du finn meir informasjon om omgjering tilbake i tid og fram i tid på sida Omgjering på Dine sider.

Eg søkjer berre om stipend

Søkjer du berre om stipend og ikkje lån, vil du i søknaden ha moglegheit til å velje vekk gradsomgjeringslån. Fordi du då berre søkjer om vanleg omgjeringslån, kan du gå glipp av stipend tilsvarande dei 15 prosentane av basisstøtta som gradsomgjeringslånet utgjer viss du seinare består ein grad.

Består du studiepoenga du har fått støtte til, vil du ha rett til vanleg omgjering. Det vil seie at du kan få omgjort inntil 25 prosent av basisstøtta. Merk at dersom du berre søkjer om vanleg omgjeringslån, og ikkje gradsomgjeringslån, vil du få mindre pengar.

Eg har fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend

Forsørgjarstipend ved omsorg for barn, og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue. Har du hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller deler av desse stipenda bli gjort om til lån.

Kvifor har eg fått ei rekning?

Du vil få rekning frå oss før all omgjeringa er gjort. Det er fordi vi må vente på opplysningar om fastsetjinga (likninga) som kjem året etter du at har avslutta utdanninga di. Du må enten betale rekningane frå oss, eller søkje om betalingsutsetjing.

Har du fått lån i 2019 som kan bli gjort om til stipend, og du innfrir lånet før omgjeringa skjer, kan du få tilbakebetalt det beløpet som kunne vore gjort om til stipend når omgjeringa skjer sommaren/hausten 2020.

Rentene som er blitt lagt til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk sletta.