Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Er det ein frist for å få omgjering?

    Det er reglar for kor lenge Lånekassen kan vente på eksamenar for at du skal få gjort om lån til stipend, og også for kor langt fram i tid ein eksamen kan gi omgjering.

    For bestått eksamen kan lån bli gjort om til stipend i opptil fire år tilbake i tid. Vi reknar frå det kalenderåret vi mottek eksamensresultat frå lærestaden din.

    For fullført grad kan lån bli gjort om til stipend for opptil åtte år tilbake i tid. Vi reknar frå starten av det semesteret du fullførte graden.

    Dersom eksamensresultat og/eller grad ikkje blir rapportert inn til oss innan tidsfristen, kan omgjeringslån eller gradsomgjøringslån bli forelda. Det betyr at du ikkje lenger har rett til å få dette lånet gjort om til stipend.

    Du finn meir informasjon om omgjering tilbake (i tid) og fram i tid på sida Omgjering på Dine sider.