Slik fungerer omgjering av høgare utdanning

Sist oppdatert: 16.09.2019
Inntil 40 prosent av basisstøtta du har fått kan bli gjort om til stipend når du har bestått studiepoeng og ein grad.

Frå og med undervisningsåret 2019–2020 kan ein del av støtta din bli gjort om til stipend etter kvart som du består studiepoeng, og ein del av støtta kan bli gjort om til stipend når du har bestått ein grad.

Du kan få like mykje støtte utbetalt som tidlegare, men i tillegg til å bestå studiepoeng må du også bestå ein grad for å få gjort om så mykje lån til stipend som mogleg. Regelendringa gjeld berre for deg som får støtte til høgare utdanning.

Omgjering for undervisningsåret 2018-2019 følgjer den tidlegare ordninga, som betyr at du må bestå studiepoeng undervegs i utdanninga din for å få omgjort inntil 40 prosent av basisstøtta. For undervisningsåret 2018-2019 må du derfor ikkje bestå ein grad for å få gjort om lån til stipend.

Du får omgjeringslån når du får støtte til høgare utdanning

Når du får tildelt vanleg lån og stipend, kallar vi dette for basisstøtte. Denne støtta omfattar ikkje andre stipend og lån, som for eksempel skolepengelån eller forsørgjarstipend. 60 prosent av basisstøtta er eit vanleg lån, som du uansett må betale tilbake. 25 prosent er et omgjeringslån, som kan bli gjort om til stipend etter kvart som du består studiepoeng, og 15 prosent er eit gradsomgjeringslån, som kan blir gjort om til stipend først når du har bestått graden din.

Du kan sjå kor mykje du kan få omgjort i vedtaksbrevet om støtte eller under «omgjering» på Dine sider.

Vi kontrollerer inntekta og formuen din undervegs i utdanninga

Lånekassen får automatisk tilsendt opplysningar om inntekta og formuen din frå skatteetaten kvart år når fastsetjinga (likninga) er klar. Vi kan derfor ikkje kontrollere inntekta din for 2019 før sommaren/hausten 2020.

Har du inntekt, trygd eller formue over grensene, blir delar av omgjeringslånet ditt gjort om til vanleg lån, som ikkje kan bli til stipend.

Når skjer gradsomgjøringa?

Vi får beskjed frå lærestaden din når du har bestått graden din. Etter at vi har motteke informasjon om graden din og har kontrollert inntekta og formuen din, gjer vi om gradsomgjeringslånet til stipend. Det betyr at du får gjort om gradsomgjeringslån til stipend året etter du bestod graden.

Du kan halde oversikt over kor mykje lån du har som kan bli gjort om til stipend på Dine sider under «omgjering».

Du må fullføre graden på normert tid for å få full omgjering

Viss du får støtte til tre års fulltidsutdanning og består ein bachelorgrad, får du gjort om lån til stipend for tre år. Blir du forseinka i utdanninga di, og for eksempel bruker fire år på å gjennomføre ein treårig grad, vil du ikkje kunne få gjort om lån til stipend for det året du brukte ekstra.

Kva for utdanningar gir gradsomgjering?

Du kan få gjort om lån til stipend viss du består ein av følgjande grader:

Grad Normert tid
Bachelorgrad 3 år
Toårig mastergrad 2 år
Femårig mastergrad 5 år
Høgskolekandidat 2 år
Profesjonsutdanning 3-6 år, avhengig av normert tid for studiet

I tillegg til de vanlege gradene, er det nokre vidareutdanningar som gir gradsomgjering sjølv om dei ikkje leier fram til ein grad. Desse er:

  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Helsesjukepleiar (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Jordmor (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleiar

Ph.d.-utdanning i utlandet gir rett til gradsomgjering, men dette gjeld ikkje for ph.d.-utdanning fullført i Noreg.

Les meir om omgjering for utdanning fullført i utlandet her.

Kva er omgjeringslån og gradsomgjeringslån?

Eit omgjeringslån er den delen av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend, og er tilsvarande 25 prosent av basisstøtta. Eit gradsomgjeringslån er den delen som kan bli gjort om til stipend dersom du består ein grad, og er tilsvarande 15 prosent.

Du får informasjon om kor mykje omgjeringslån du har fått i vedtaksbrevet om stipend og lån. Lurer du på kor mykje lån du har fått/kan få gjort om til stipend, finn du dette på Dine sider.

Kva skjer om eg blir forseinka?

Blir du forseinka i utdanninga di, vil dette påverke omgjeringa frå lån til stipend.

Les meir om kva som skjer dersom du blir forseinka her.

Får eg omgjering dersom eg ikkje har bestått alt?

Har du fått støtte til fulltidsutdanning både i haust og- vårsemesteret i undervisningsåret 2019-2020, må du bestå utdanning tilsvarande 60 studiepoeng for å kunne få heile omgjeringslånet ditt gjort om til stipend. Dersom du til dømes berre består 30 studiepoeng, kan du berre få halve omgjeringslånet gjort om til stipend.

I nokre tilfelle kan du få omgjort av lån til stipend sjølv om du ikkje har bestått utdanning.

Det gjeld dersom

  • du har fått sjukestipend
  • du har fått foreldrestipend
  • du har blitt forseinka på grunn av funksjonshemming
  • du har hatt tillitsverv på fulltid i minst tre månader i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon
  • du har hatt praksis i frivillig studentdriven rettshjelp og derfor har fått fritak frå bestemde studiepoeng

Du kan også få gjort om lån til stipend dersom du har søkt om sjukestipend, men fått avslag fordi du får for høge sjukepengar frå Nav.

Ujamn fordeling av studiepoeng

Tek du ein treårig bachelorgrad, får du 180 studiepoeng. Vanlegvis får du 60 studiepoeng per år.

Enkelte grader og utdanningar er lagt opp slik at fordelinga av studiepoeng som blir teke kvart semester eller undervisningsår, er ujamn. Tek du for eksempel 45 studiepoeng det første året og 65 studiepoeng det andre året, må du ta 70 studiepoeng det tredje året for å oppnå full studiebelastning i løpet av tre år.

Følgjer du eit slikt undervisningsopplegg, vil du ikkje få full omgjering det første året. Seinare i utdanninga, når du har teke dei manglande studiepoenga, vil vi gjere om den delen av lånet du tidlegare ikkje har fått omgjort.

Merk at vi må få opplysningar om fastsetjinga (likninga) frå skatteetaten for året du fekk støtte før vi kan gjere om lån til stipend.

Eg skal ta konteeksamen eller utsett eksamen

Består du konteeksamen eller utsett eksamen i august/september, kan du sende oss ein e-post frå Dine sider der du ber om at søknaden din blir behandla på nytt. Du må sende inn dokumentasjon på at du har bestått ein konteeksamen eller utsett eksamen, og kor mange studiepoeng eksamenen var på. Eksamenen må være knytt til det føregåande semesteret.

Eg har bestått ekstra utdanning

Du fekk støtte til fulltidsutdanning i 2017 og bestod 90 studiepoeng, altså 30 studiepoeng meir enn dei 60 studiepoenga du hadde fått støtte til. Lånekassen brukte 60 studiepoeng til å gi full omgjering for 2017, medan dei 30 ekstra poenga blei lagt i ein "restpott" til bruk i seinare omgjeringar.

Du fekk deretter støtte til fulltidsutdanning i 2018 og bestod 60 av 60 studiepoeng. Ved omgjering blei "restpotten" frå 2017 først brukt og så 30 av dei 60 nye studiepoenga.

Dersom du får utdanningsstøtte seinare utan å bestå fag, kan du likevel få omgjering for dei 30 studiepoenga du har til gode.

Eksamensresultat kan gi omgjering fire år fram eller tilbake i tid.

Må eg sende inn dokumentasjon på at eg har bestått?

Lånekassen får automatisk melding om kor mange studiepoeng/årstimar du har bestått frå lærestader i Noreg. Derfor treng du ikkje å sende oss noko for å dokumentere at du har bestått.

Har du tatt eit delstudium i utlandet, må du sende eksamensresultata til din norske lærestad, som vil rapportere desse vidare til Lånekassen.

Studerer du utlandet, må du sende inn eksamensresultata til oss fordi vi ikkje får resultata dirkete frå utanlandske lærestader. .

Eg har fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend

Forsørgjarstipend ved omsorg for barn, og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue. Har du hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller deler av desse stipenda bli gjort om til lån.

Kvifor har eg fått ei rekning?

Du vil få rekning frå oss før all omgjeringa er gjort. Det er fordi vi må vente på opplysningar om fastsetjinga (likninga) som kjem året etter du at har avslutta utdanninga di. Du må enten betale rekningane frå oss, eller søkje om betalingsutsetjing.

Har du fått lån i 2019 som kan bli gjort om til stipend, og du innfrir lånet før omgjeringa skjer, kan du få tilbakebetalt det beløpet som kunne vore gjort om til stipend når omgjeringa skjer sommaren/hausten 2020.

Rentene som er blitt lagt til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk sletta.