Støtte om sommaren

Sist oppdatert: 20.11.2019
Elevar og studentar i høgare og anna utdanning som ikkje kan jobbe i sommarferien på grunn av nedsett funksjonsevne, kan få støtte i tolv månader.

Du kan altså få støtte i to ekstra månader om sommaren. Avsluttar du utdanninga i vårsemesteret, har du ikkje rett til støtte for sommaren etter.

Støtta blir behovsprøvd

Støtta blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue når fastsettinga (likninga) for det året du har fått støtte, er klar.

Krav til dokumentasjon

Fyll ut skjemaet "Stipend og lån for sommaren for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (Y-skjema).  Få legen din til å stadfeste på skjemaet at du

  • har nedsett funksjonsevne
  • ikkje kan ha sommarjobb på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn Y-skjemaet til
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Søknadsfrist

Du må først ha sendt inn ein vanleg søknad om lån og stipend på lanekassen.no for undervisningsåret som blir avslutta før sommaren du skal søkje om ekstra støtte for. Skal du for eksempel søkje om sommarstøtte i 2020, må du ha sendt inn ein vanleg søknad om støtte for undervisningsåret 2019-2020. Søknaden om utvida støtte for sommaren må vere komen inn til Lånekassen innan 15. august 2020. Avsluttar du utdanninga eller kurset ditt før 15. august, må søknaden vere komen inn til oss før utdanninga eller kurset er avslutta. 

Last ned skjema

 

Du får svar på søknaden tilsendt i posten
Når du søkjer om ekstra stipend, blir svaret sendt i posten. Dersom du får ekstra stipend, må du signere og sende inn den signerte avtalen i posten. Du kan altså ikkje signere elektronisk

Du får svar på søknaden tilsendt i posten

Når du søkjer om støtte om sommaren, blir svaret sendt i posten. Dersom du får denne støtta, må du signere og sende inn den signerte avtalen i posten. Du kan altså ikkje signere elektronisk.