Ekstrastipend

Sist oppdatert: 20.11.2019
Elevar og studentar i høgare og anna utdanning som ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne, kan få ekstrastipend.

Det ekstra stipendet på 3 763 kroner per månad kjem i tillegg til ordinær studiestøtte frå Lånekassen. Dersom du studerer på deltid, blir ekstrastipendet redusert tilsvarande deltidsprosenten din.

Stipendet blir behovsprøvd

Det ekstra stipendet blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue når likninga for det året du har fått støtte, er klar.

Krav til dokumentasjon

Fyll ut skjemaet "Ekstra stipend for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (X-skjema). Du kan skrive ut skjemaet frå lanekassen.no/skjema.

Få legen din eller ein annan spesialist/fagperson med særleg kjennskap til di nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

  • har nedsett funksjonsevne
  • ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne

Dersom du søker om ekstra stipend på grunn av dysleksi, kan også logoped skrive under på skjemaet.

Send inn X-skjemaet til
Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Søknadsfristar

Før du kan søkje om ekstrastipend, må du først må ha søkt om lån og stipend for densame perioden. Fristen for å søkje om støtte er 15. november for haustsemesteret, og innan 15. mars for vårsemesteret.

Søknaden om ekstrastipend må ha komme inn til Lånekassen før perioden du har søkt om støtte for er avslutta. 

Du får svar på søknaden tilsendt i posten
Når du søkjer om ekstra stipend, blir svaret sendt i posten. Dersom du får ekstra stipend, må du signere og sende inn den signerte avtalen i posten. Du kan altså ikkje signere elektronisk

Du får svar på søknaden tilsendt i posten

Når du søkjer om ekstra stipend, blir svaret sendt i posten. Dersom du får ekstra stipend, må du signere og sende inn den signerte avtalen i posten. Du kan altså ikkje signere elektronisk.