Om ordningane

Sist oppdatert: 31.07.2019
Kan du ikkje jobbe ved sidan av utdanninga fordi du har nedsett funksjonsevne, kan du få meir støtte og støtte for ein lengre periode.

Ordningane gjeld for deg som tar høgare og anna utdanning, og som har nedsett funksjonsevne.

Dette kan du få

Individuelle utgifter blir ikkje støtta

Støtte blir gitt etter forskriftsfastsette satsar, utan individuelle vurderingar av den enkelte sine utgifter. Individuelle utgifter, som for eksempel utgifter til assistenthjelp, blir ikkje dekt gjennom utdanningsstøtteordninga, verken ved utdanning i Noreg eller i utlandet. Individuelle utgifter av denne typen blir vurderte etter folketrygdlova. For nærmare informasjon om dekning av  individuelle utgifter kan du ta kontakt med Nav. 

Behovsprøving

Merk at støtte om sommaren og ekstra stipend i undervisningsåret blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue når skattefastsettinga (likninga) for det året du har fått støtte, er klar. Du kan ikkje få stipend til forseinking utover eitt år samtidig som du får trygd som er meint å dekkje livsopphald. Les meir om behovsprøving mot inntekt, trygd og formue.

Slik søker du

Same kva ordning du søker om, må du først søke om støtte frå Lånekassen på vanleg måte på lanekassen.no. Du får ikkje spørsmål om du har nedsett funksjonsevne i søknaden. Vil du søke om ekstra stipend, støtte for sommaren og/eller stipend til forseinking utover eitt år, må du gjere det slik det er forklart i tabellen nedanfor.

Ordning

Trinn 1

Trinn 2

Trinn 3

Ekstra stipend

Fyll ut skjemaet "Ekstra stipend for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (X-skjema). Du kan skrive ut skjemaet frå lanekassen.no/skjema.

Få legen din eller ein annan spesialist/ fagperson med særleg kjennskap til di nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

har nedsett funksjonsevne

ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn X-skjemaet til:  Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Støtte for sommaren

Fyll ut skjemaet "Stipend og lån for sommaren for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (Y-skjema). Du kan skrive ut skjemaet frå lanekassen.no/skjema.

Få legen din eller ein annan spesialist/ fagperson med særleg kjennskap til di nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

har nedsett funksjonsevne

ikkje kan ha sommarjobb på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn Y-skjemaet til: Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Forseinking utover ett år

Du må skrive eit brev til Lånekassen der du forklarer kvifor du søkjer om stipend til forseinking utover eitt år.

 

Merk brevet med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt.

Legg ved

dokumentasjon frå lærestaden som viser at du er forseinka fordi læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa den nedsette funksjonsevna di

dokumentasjon frå Nav som viser at du ikkje får støtte frå Nav til livsopphald

Send inn brevet og dokumentasjonen til: Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Søknadsfristar

  • Du må søke om støtte på lanekassen.no seinast 15. november for hausten og 15. mars for våren. Dei same fristane gjeld for søknader om ekstra stipend ved nedsett funksjonsevne.
  • Søknad om stipend og lån for sommaren må vere kommen inn til Lånekassen seinast 15. august den sommaren du søker om støtte for. Avsluttar du utdanninga eller kurset ditt før 15. august, må søknaden vere komen inn til oss før utdanninga eller kurset ditt er fullstendig.