Spørsmål og svar om borte- og heimebuar

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 13.10.2017
Saka gjeld for deg som tek høgare og anna utdanning.

Går du i vidaregåande kan du lese om bustipend her.

Kva er borte- og heimebuar?

Bortebuar betyr at du ikkje bur saman med foreldra dine under studia. Heimebuar betyr at du bur saman med foreldra dine under studia.

Får eg gjord om lån til stipend som heimebuar?

Nei, du må vere bortebuar for å få gjort om lån til stipend.

Har ikkje hybel/leilegheit enno, kva skal eg krysse av for i søknaden?

Du skal krysse av for bortebuar i søknaden, dersom du ikkje skal bu saman med foreldra dine under studia. Det er bustatusen din under sjølve studia som gjeld, ikkje kor du bur på det tidspunktet du søkjer.

Skal eg skrive inn hybeladresse i søknaden?

Nei, du kan oppdatere postadressa di under «Din profil» på Dine sider.

Er eg borte- eller heimebuar når eg eig eige leilegheit?

Eig du eige leilegheit og bur der utan foreldra dine, er du bortebuar. Det er eit vilkår at leilegheita verken ligg i same hus som foreldra dine, eller i tilknyting til huset til foreldra dine.

Er eg borte- eller heimebuar dersom eg leiger av foreldra mine?

Leiger du eit hybelhusvære/anneks i huset til foreldra dine, eller i tilknyting til huset til foreldra dine, er du heimebuar.
Leiger du ei leilegheit som foreldra dine eig, som ikkje er i same hus som foreldra dine eller i tilknyting til huset til foreldra dine, er du bortebuar.

Les meir i forskifta om tildeling av utdanningsstøtte § 26-2.

Eg er gift og/eller har barn og bur heime, kva skal eg krysse av for i søknaden?

Dersom du er gift eller har barn å forsørgje og bor saman med barnet, kan du få omgjord lån til stipend sjølv om du bur med foreldra dine. Derfor spør vi ikkje om du bur heime hos foreldra dine i søknaden.

Kva skal eg gjere dersom eg flyttar i løpet av studia?

Medfører flyttinga at du endrar bustatus, frå borte- til heimebuar, eller omvendt, må du melde flytting. Du kan enkelt melde frå under «meld frå om endringar» på Dine sider.
Dersom bustatusen din som heime- eller bortebuar ikkje endrar seg, treng du berre å oppdatere postadressa. Du endrar adresse under «Din profil» på Dine sider.

Les meir om opplysningsplikta her.

Må eg skifte folkeregistrert adresse?

Nei. Det er kor du faktisk bur som avgjer om vi reknar deg som bortebuar, ikkje kor du er folkeregistrert.