Eg finn ikkje utdanninga mi i søknaden

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 16.10.2017
Dersom du går på ein høgskole eller eit universitet, er det ofte slik at utdanningar er samla i meir generelle kategoriar i søknaden vår. Derfor er det ikkje alltid at du finn namnet som lærestaden din brukar på utdanninga di.

Alle utdanningar innanfor eit fagområde kan ha felles namn. Du vel fagområde og nivå som passar til den grada du held på med.

Dette er nokre eksempel på fagområde:

  • Historie, religion og idéfag
    Dette fagområdet omfattar f.eks. historie, arkeologi, kunsthistorie, filosofi og religionshistorie.
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
    Dette fagområdet omfattar utdanningar innanfor drama, teater, bildande kunst, kunsthandverk, skulptur, design og film.
  • Økonomi og administrasjon
    Dette fagområdet omfattar faga økonomi, administrasjon og leiing. "Bachelor in Business Administration", "Bachelor in Commerce", "Bachelor in Finance"og "Bachelor of Management" er eksempel på utdanningar innanfor dette fagområdet.
  • Samfunnsfag og psykologi
    Dette fagområdet omfattar statsvitskap, sosiologi, utviklingsstudium, geografi, sosialantropologi, sosionomutdanning og psykologi.
  • Teknologi, ingeniørfag og arkitektur
    Dette fagområdet omfattar tradisjonelle ingeniørfag og i tillegg fag som bioteknologi, maritime fag, radiografi og optometri/optikk.
  • Lærer- og lektorutdanning
    Omfattar også førskole- og barnehagelærerutdanning.
  • Matematikk og naturfag
    Dette fagområdet omfattar typiske realfag som for eksempel biologi, fysikk, kjemi og matematikk.
  • Medisin, odontologi, helse- og sosialfag
    Dette omfattar fag som medisin, sykepleierutdanning, fysioterapi og sosialt arbeid.

Enkeltemne

Skal du ta enkeltemne ved ein høgskole eller eit universitet, vel du eit årsstudium i det fagområdet som emna du skal ta høyrer inn under.

Eg finn ikkje lærestaden min i søknaden

En del lærestader har fleire avdelingar. Dersom lærestaden din har fleire avdelingar, er det viktig at du velg riktig avdeling.

Nokre gonger kan det vere at lærestaden din har eit anna offisielt namn enn det dei brukar til vanleg. Spør lærestaden din dersom du ikkje klarar å finne det i søknaden.

Ikkje godkjent utdanning

Dersom du ikke finn utdanninga di i nettsøknaden, kan det vere fordi utdanninga di ikkje er godkjent for støtte. Les meir om godkjente utdanningar her.

Gå til søknaden