Utdanning på deltid

Sist oppdatert: 03.04.2019
Du får støtte ut frå kor mykje du skal studere eller gå på skole. Til deltidsutdanning får du 50, 67 eller 75 prosent av det vanlege støttebeløpet. Hugs å melde frå dersom du endrar studiebelastning.

Dette må du vere klar over dersom du tek deltidsutdanning:

Dersom du får fritak frå fag, eller bestemmer deg for å ikkje ta alle faga dine, betyr det vanlegvis at du tek utdanning på deltid. Du har plikt til å melde frå om slike endringar til Lånekassen.

Kva vil det seie å ta utdanning på deltid?

Studiebelastninga di avgjer kor mykje støtte du kan få. Studiebelastning seier noko om kor mykje du studerer. Lånekassen måler studiebelastning i studiepoeng (høgare utdanning) eller årstimar (vidaregåande fag). I nokre tilfelle måler vi det i talet på fag.

Studiepoeng per semester Fast prosentsats for støtte*
0–14,5 studiepoeng Ikkje stipend, ikkje lån
15–19,5 studiepoeng 50 prosent støtte
20–22 studiepoeng 67 prosent støtte
22,5–29,5 studiepoeng 75 prosent støtte
30 studiepoeng eller meir 100 prosent støtte

* Støtte betyr både stipend og lån.

Kor mykje kan eg få?

Når du tek utdanning på deltid, reduserer vi alle beløpa du kan få, både stipend og lån, i samsvar med deltidsprosenten din. Dette gjeld også for ordningar som for eksempel forsørgjarstipend og lån til skolepengar.

Studiebelastning

Basisstøtte per semester (5 månader)

50 prosent støtte

27 550 kroner

67 prosent støtte

36 917 kroner

75 prosent støtte

41 325 kroner

100 prosent støtte

55 100 kroner

Beløpa er runda av til næraste heile krone.

Endringar som skjer i løpet av undervisningsåret

Dersom du skal ta fleire eller færre fag enn du opplyste i søknaden din, må du melde frå til Lånekassen. Du kan lese meir om korleis du melder frå her.