Folkehøgskole

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Som elev på folkehøgskole kan du få basisstøtte på inntil 108 250 kroner i undervisningsåret 2018-2019.

Basisstøtta blir utbetalt som eit lån, og 40 prosent av lånet kan bli gjord om til stipend.

Fordelinga mellom omgjeringslån og ordinært lån

Omgjeringslån (kan bli til stipend) Ordinært lån (kan ikkje bli til stipend)
43 300 kroner 64 950 kroner

Lånet blir utbetalt månadleg og for å få  gjort om lån til stipend, må du oppfylle krava for omgjering. Dei fleste som går på folkehøgskole bur på skolen, men bur du heime, har du ikkje rett på å få gjort om lån til stipend.

Får eg bustipend?

Det er berre elevar i vidaregåande skole som kan få bustipend, når du går på folkehøgskole kan du få basisstøtte i staden for.

Gå til søknaden