Vidareutdanning

Sist oppdatert: 16.05.2019
Du kan søke støtte i Lånekassen til både deltids- og fulltidsstudie. Til saman kan du få støtte i inntil åtte år.

I tillegg til høgskoler og universitet, kan du få støtte til blant anna fagskoler, kunstskoler, IT-skoler og andre yrkesretta utdanningar. Du kan få støtte så lenge utdanninga er godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

Deltid

Som deltidsstudent kan du få opp til 75 prosent av basisstøtta. Kor mykje støtte du får, blir rekna ut i frå kor mange studiepoeng du tar, les meir om utrekninga her.

Støtta blir gitt som lån. Når du er ferdig med utdanninga kan inntil 40 prosent av støtta bli omgjort til stipend.

Har du lån i Lånekassen frå før og tar deltidsutdanning må du være oppmerksam på at du framleis vil få rekning på det gamle lånet, også medan du er i utdanning. Du kan søke om betalingsutsetjing dersom du treng det. Renter kan også bli sletta dersom du har låg inntekt, les meir om sletting av renter her.

Fulltid

Har du allereie lån i Lånekassen, og ønsker å bli student på fulltid, er det litt annleis. Får du tildelt og mottek støtte frå Lånekassen, vil du sleppe å betale på lånet i den nye studieperioden og det vil heller ikkje kome renter på lånet.

Går du over frå fulltidsutdanning til deltidsutdanning, vil renter bli lagt til på lånet du tok opp under fulltidsutdanninga. Du vil få tilsendt ein betalingsplan, og du må begynne å betale ned på lånet på vanleg måte.

Forseinking

Du er forseinka viss du består mindre utdanning enn du har fått støtte til. Vi godtar eitt år med forseinking, til saman 60 studiepoeng. Blir du meir enn eitt år forsinka, misser du normalt retten til støtte.

Byter du utdanning, tek du med deg forseinking frå tidlegare. Du blir framleis rekna som forseinka viss du har innfridd lånet ditt og søkjer ny støtte frå oss. Vi reknar ikkje med forseinking frå vanleg vidaregåande opplæring. Les meir om forseinking her.