Kontakt trafikkskolen når du har fått førarkort

Sist oppdatert: 03.05.2019
Når du har fullført utdanninga, og fått førarkort som viser at du har oppnådd yrkessjåførkompetanse, må du ta kontakt med trafikkskolen din, og be dei rapportere bestått utdanning til Lånekassen.
  • Etter at trafikkskolen har rapportert bestått utdanning til Lånekassen, kan 40 prosent av basisstøtta bli gjort om til stipend.
  • Omgjering av lån til stipend skjer automatisk når vi har kontrollert inntekta og formuen din frå året du fekk støtte.
  • Skolepengane er eit reint lån som du må betale tilbake.