Kor mykje kan du få?

Sist oppdatert: 03.05.2019
Kva du kan få og kor mykje, avhenger av kva for utdanning du tek.

Du får utbetalt støtta når trafikkskolen har bekrefta at du har starta på 140 timer med grunnutdanning.

Dersom du berre tek 140 timer med grunnutdanning, kan du få:

  • Basisstøtte i fem veker som tilsvarar 12 857 kroner.
  • Skolepengelån og ekstralån tilsvarande det du faktisk betaler for kurset.
  • Maksimalt 105 362 kroner i skolepengelån og ekstralån.

Dersom du tek 140 timar med grunnutdanning og førerkort klasse C/CE/D, kan du få:

  • Basisstøtte i seks veker som tilsvarar 15 428 kroner.
  • Skolepengelån for eit heilt undervisningsår som tilsvarar inntil 65 362 kroner.
  • Ekstra skolepengelån som tilsvarar inntil 40 000 kroner.