Kva kan du få støtte til?

Sist oppdatert: 03.05.2019
Lånekassen har tidlegare berre gitt støtte til bussjåførutdannign. Frå 16. august 2019, vil vi også gi støtte til elevar som vil bli lastebilsjåfør.
  • Du kan få støtte til 140 timar med grunnutdanning for enten persontransport (bussjåfør) eller godstransport (lastebilsjåfør).
  • Du kan også få støtte til førarkort klasse C/CE/D, dersom du tek dette i samanheng med grunnutdanninga. Med i samanheng meiner vi at førarkortet og grunnutdanninga må bli tatt innanføre eitt og same undervisningsår. Lånekassen reknar eit undervisningsår frå 16.08. til 15.08.
  • Du får ikkje støtte dersom du berre tar førarkort.