Slik søkjer du

Sist oppdatert: 03.05.2019
Det er viktig at du tek kontakt med trafikkskolen din og får bekrefta at du har fått plass på kurset deira før du søker om støtte hos Lånekassen.

Bruk søknaden for høgare og anna utdanning. Finn du ikkje trafikkskolen din i søknaden, er den ikkje godkjent hos Lånekassen.

Dersom du vil bli bussjåfør, skal du velje:

  • 140 t. grunnutdanning, persontransport, yrkessjåfør, eller
  • Førarkort kl. D + 140 t. grunnutdanning, persontransport, yrkessjåfør

Dersom du vil bli lastebilsjåfør, skal du velje:

  • 140 t. grunnutdanning, godstransport, yrkessjåfør,eller
  • Førarkort kl. C/CE + 140 t. grunnutdanning, godstransport, yrkessjåfør

Søknadsfrist

Hovedregelen er at du må sende inn søknaden før kurset er avslutta.

Det finnes nokre unntak:

  • Hvis du startar på eit kurs før 1. november og som blir avslutta etter 15. november, må du søkje innan den vanlege søknadsfristen for hausten som er 15. november.
  • Hvis du startar på eit kurs før 1.mars og som blir avslutta etter 15. mars, må du søkje innan den vanlege søknadsfristen for våren som er 15. mars.