Korona

Informasjon om ulike tiltak i samband med koronapandemien for både elevar, studentar og deg som betaler på studielånet.

Koronatiltak hausten 2021

Dette er tiltaka som gjeld no:
  • ekstra betalingsutsettingar på grunn av koronasituasjonen i perioden mars 2020 til desember 2021
  • elevar og studentar som tar utdanning i utlandet kan få lån og stipend sjøl om dei må bu heime på grunn av koronapandemien
  • unntak frå inntektsgrenser for studentar med arbeid knytt til koronapandemien
  • unntak frå dei vanlige forsinkelsesreglene for studenter som blir forsinket i utdanningen på grunn av koronapandemien

Tiltak for elevar og studentar i utlandet

Elevar og studentar som tar utdanning i utlandet og som må bu heime på grunn av koronasituasjonen, kan få lån og stipend.

Dei to unntaksreglane som gjaldt for elevar og studentar i utlandet i studieåret 2020–2021 er vidareførte for hausten 2021. Unntaksreglane er ikkje vidareførte for våren 2022.

Må ikkje vere på lærestaden for å få lån og stipend

Den første unntaksregelen gjeld kravet om å vere på lærestaden i utlandet. Dette kravet gjeld ikkje dersom utdanninga di normalt er stadbasert, men no blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert på grunn av koronapandemien.

Unntaket frå kravet om å vere på studiestaden gjeld berre dersom utdanninga du er i gong med i utgangspunktet er stadbasert, men at det mellombels blir tilbydd alternative undervisningsformar på grunn av koronapandemien. Det vil seie at studentar som er tatt i opp ei utdanning som normalt er online eller samlingsbasert, framleis ikkje har rett til lån eller stipend.

Stipend til dei som må bu heime på grunn av koronapandemien

Den andre unntaksregelen gjeld elevar og studentar som tar utdanning i utlandet, og som bur mellombels heime hos foreldra sine hausten 2021 på grunn av koronapandemien. Desse blir rekna som bortebuarar heile semesteret, og det betyr at dei kan få stipend.

Unntaket frå å bu borte gjeld berre for elevar og studentar som normalt sett hadde planlagt å bu borte, men som no må bu mellombels heime på grunn av koronapandemien.
Det vil seie at elevar og studentar som i ein normal situasjon ville budd heime, framleis ikkje har rett til stipend.

 

Problemer med å betale rekninga?

Du kan
utsette betaling
meir enn 36 gonger

På grunn av koronapandemien har Lånekassens kundar fått ekstra betalingsutsettingar. Du søker om betalingsutsetting på Dine sider, og du treng ikkje å grunngi kvifor du søker, eller å sende inn dokumentasjon.

Dette gjeld også om du har brukt opp dei 36 betalingsutsettingane dine, eller om du har fått avslag på ein søknad om betalingsutsetting fordi du allereie har brukt opp dei 36 betalingsutsettingane dine.

Gjeld rekningar frå mars 2020 til desember 2021

Dei ekstra utsettingane gjeld rekningane med betalingsfrist i perioden mars 2020 til juni 2021. Men hugs at du berre kan søke om utsetting av rekningar du ikkje har betalt.

Kjem i tillegg til dei 36

Du bruker ikkje av dei 36 vanlege utsettingane i denne perioden. Dersom du søker om utsetting for nokre av forfalla i perioden mars 2020 til desember 2021, gjeld dei ekstra utsettingane også for deg – og du «et» ikkje av dei 36 utsettingane dine ved å søke.

Les mer om hva du må passe på hvis du søker om betalingsutsettelse.

 

Send inn dokumentasjon

Gjeld unntak frå inntektsgrensa i 2020 deg, må du sende inn dokumentasjon etter at du har fått vedtaket ditt om omgjøring for 2020. Har du inntekt over grensene for 2021, skal du ikkje sende inn dokumentasjon for 2021 før i 2022. Hugs at du berre treng å dokumentere dersom du har hatt inntekt over grensa.

Unntak frå inntektsgrensa

Dersom du hatt ekstra inntekt for arbeid knytt til koronapandemien, kan du få gjort om lån til stipend, sjølv om du har tent meir enn Lånekassens inntektsgrenser i 2020 og 2021.

Det er ei grense for kor mykje du kan tene før du får redusert stipendet, eller ikkje får gjort om noko av lånet til stipend.

Unntaksregelen gjeld for 2020 og 2021

Unntaksregelen betyr at Lånekassen ser bort frå inntekt som er over grensa i perioden 1. mars 2020 til og med 31. desember 2021, dersom den er betaling for arbeid relatert til koronapandemien i visse sektorar.

Dette arbeidet blir rekna som som koronarelatert:

  • alt arbeid i helse- og omsorgssektoren
  • alt arbeid i samband med beordring til teneste i Heimevernet eller Sivilforsvaret
  • alt arbeid utført av politistudentar som melder seg til teneste i politiet eller til beredskapsarbeid

Det betyr at du kan tene over grensa for inntekt for 2020 og 2021 i denne perioden, og likevel få gjort om lån til stipend. Har du anna inntekt som ikkje er relatert til koronapandemien i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Unntaket gjeld berre for studentar som får lån og stipend til høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet, og som har arbeid i sektorane som er nemnde ovanfor.

Studentar som har barn

Studentar som har barn, får heller ikkje redusert barnestipendet ut frå ektefelle eller sambuar si ekstra inntekt frå arbeid relatert til koronapandemien. Dette unntaket gjeld også for perioden 1. mars 2020 til og med 31. desember 2021. Har sambuaren eller ektefellen din anna inntekt som ikkje er relatert til koronapandemien i den same perioden, gjeld ikkje unntaket for denne inntekta.

Dette må du sende inn

Dersom du har fått eit vedtak om at inntekta i 2020 er over grensa for stipend, vil du få saka behandla på nytt dersom du sender inn dette:

  • For arbeid i helse- og omsorgssektoren: lønnsslippar som viser at du har utført arbeid innanfor helse- og omsorgssektoren og inntekta i perioden.
  • For arbeid i samband med beordring til teneste i Heimevernet eller Sivilforsvaret: stadfesting som viser i kva periode du blei beordra, og lønnsslippar for perioden.
  • For arbeid utført av politistudentar som melder seg til teneste i politiet eller til beredskapsarbeid: lønnsslippar som viser at du har jobba i politiet eller i beredskapsarbeid, jf. politiloven, helseberedskapsloven, sivilbeskyttelsesloven eller forsvarsloven.

Har du fleire arbeidsgivarar, må du sende inn lønnsslippar frå alle.

Når vi får dokumentasjonen frå deg, vurderer vi inntekta di for 2020 på nytt, og du får eit nytt vedtak. Behandlingstida vil vere på inntil 12 veker. 

Frist for å sende inn

Du sender inn dokumentasjonen så snart du har fått vedtak om kontroll av inntekt og formue i 2020. Klagefristen på tre veker gjeld ikkje for å sende inn nye opplysningar om koronarelatert arbeid, berre for andre forhold ved vedtaket.

Grensene for formue og trygd gjeld framleis

Det er ikkje gjort unntak frå grensene for kor høg formue eller trygd du kan ha, før stipendet blir redusert. Desse grensene gjeld framleis for studentar som kan få unntak frå inntektsgrensa på grunn av arbeid knytt til koronapandemien.

Kva med 2021?

Har du hatt inntekt over grensa i 2021, skal du ikkje sende inn dokumentasjon på dette før i 2022.

Les meir om grenser for inntekt og formue for tidligare år.

Koronatiltak i 2020-2021

Les om tiltaka for studentar og elevar som gjaldt i heile, eller delar av, studieåret 2020-2021.