Søknad om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne

Søk om vanleg lån og stipend først

Før du kan søke om tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne, må du først sende inn søknad om lån og stipend. Deretter kan du søke om tilleggsstipend for same periode.

Søknadsfrister

Søknadsfristen for tilleggsstipendet er siste dagen i perioden du søker lån og stipend for. Denne dagen finn du i vedtaksbrevet ditt på Dine sider.

  • Fristen for å søke om tilleggsstipend for heile studieåret eller berre for vårsemesteret er for dei fleste 15. juni.
  • Fristen for å søke om tilleggsstipend berre for haustsemesteret er for dei fleste 15. januar.

Slik søker du

  1. Last ned og skriv ut søknadsskjemaet - sjå nederst på sida.
  2. Fyll ut og skaff stempel og signatur frå legen din eller ein annan fagperson.
  3. Logg inn og vel sida Søk om stipend og lån i menyen.
  4. Last opp og send inn skjemaet.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt tid før du får svar.

 

 

Søknad nedsett funksjonsevne
2023-2024