Utveksling - universitet og høgskole

Utveksling til universitet eller høgskole i eit nordisk land.

Veileder norden utveksling

Student med basketball

Utveksling i eit anna nordisk land

Lånekassen tilbyr lån og stipend til deg som tar utveksling på universitet eller høgskole i eit anna nordisk land.

Søknadsfristar

Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Utvekslinga må vere godkjend som ein del av utdanninga di

Når du skal på utveksling, er det den lærestaden du tar hovudutdanninga som godkjenner utvekslinga. For å kunne få stipend og lån må utvekslinga bli godkjend som ein del av graden din.

Dei fleste norske lærestader rapporterer dette direkte til Lånekassen, men i nokre tilfelle – for eksempel om du er student på BI, må du sende inn dokumentasjon på godkjenninga saman med søknaden.

Alle studentar får basislån

Studentar i Norden får lån og stipend etter dei same reglane som studentar i Noreg.

Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje et stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga di og har inntekt og formue under grensene.

Gjeld og nedbetaling

Lån frå Lånekassen er rente- og avdragsfritt så lenge du er student og får støtte frå oss. Når du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet og du må begynne å betale rundt 9 månader seinare.

Gå til søknaden

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Får du barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd, det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 51 150 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 102 300 kroner til saman. Inntekt og formue har inga betydning for om du kan få tilleggslån. Men dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sidan av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sidan av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 3 922 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om nedsett funksjonsevne

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
102 300
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 102 300 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 204 600 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Dokumentasjonskrav for utveksling i høgare utdanning

Vi hentar som regel opplysningar om utvekslingsopphaldet elektronisk når du søker om støtte, men i enkelte tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Vi hentar som regel opplysningar om utvekslingsopphaldet elektronisk når du søker om støtte, men i enkelte tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Du må sende inn dokumentasjon dersom du skal betale skolepengar til lærestaden i utlandet, om
lærestaden din ikkje bruker Felles studentsystem (FS), eller om du skal på språkkurs.

Førehandsgodkjenning av utvekslingsopphaldet

For å få lån og stipend til utveksling i utlandet, må opphaldet vare i minst fire veker, og det må vere godkjent som del av ei høgare utdanning du er i gong med i Noreg eller i utlandet. Lærestaden din kan gi deg meir informasjon om korleis du søker om førehandsgodkjenning av utveksling i utlandet.

Dersom lærestaden din bruker FS (Felles studentsystem), skal dei registrere informasjon om utveksling i dette systemet, slik at vi kan innhente opplysningane elektronisk.

Du kan sjå kva for lærestader som bruker Felles studentsystem her.

Bruker ikkje lærestaden din FS?

BI og Bjørknes er eksempel på lærestader som ikkje bruker FS. Finn du ikkje lærestaden din i denne lista, bruker ikkje lærestaden din FS. Når lærestaden din ikkje bruker FS må du sende inn eit eige skjema for utveksling (D-skjema) etter at du har søkt om lån og stipend. Lærestaden din må stemple og godkjenne skjemaet før du sender det til oss.

Skolepengar

Skal du betale skolepengar, må du legge ved ei signert stadfesting (eit offisielt brev) frå lærestaden i utlandet som viser namnet ditt og kor mykje skolepengar du skal betale.

Det må komme fram av dokumentasjonen kva som er reine skolepengar (tuition fee). Utgifter til for eksempel studentforeiningar, administrasjonsgebyr og bibliotekavgift blir ikkje dekka av Lånekassen.

Vi godtar ikkje Confirmation of Enrolment aleine som dokumentasjon på skolepengar, fordi den ikkje viser eventuelle rabattar norske studentar får.

Får du stipend frå andre som er meint å dekke skolepengar, må du legge ved stadfesting som viser beløpet.

Omgjering av lån til stipend

Inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend dersom du består utdanninga di og fullfører ein grad.

Den norske lærestaden din rapporterer til Lånekassen

Tar du utveksling frå ein norsk lærestad, får vi opplysningane om at du har bestått utdanninga direkte derfrå. Derfor treng du ikkje å sende noko inn til oss.

Har du tatt utveksling frå ein utanlandsk lærestad, må du dokumentere resultata dine sjølv, men du treng ikkje sende inn eksamensresultat før du har fullført graden din.

Les meir om dei generelle reglane for omgjering

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk