Søknad om stipend og lån til utveksling i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å søke om berre den delen av basislånet som kan bli gjort om til stipend, eller heile lånet.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Som regel hentar vi automatisk inn stadfesting på at utvekslingsopphaldet ditt er førehandsgodkjend. I somme tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Skal du betale skolepengar til den utanlandske lærestaden, må du leggje ved dokumentasjon som viser kor mykje du skal betale.

Kan du ikkje reise til studiestaden på grunn av koronapandemien?

Ver oppmerksam på regelunntaka som gjeld deg. Det betyr at du skal svare slik dersom du får desse spørsmåla i søknaden:

Skal du opphalde deg på studiestaden og følge undervisninga? Du skal svare Ja.

Bur du i same hus eller leilegheit som ein av eller begge foreldra dine i studieåret? Du skal svare Nei

Skal du ta utdanning som berre går føre seg på nett? Du skal svare Nei

Årsaka er at reglane er mellombels endra på grunn av koronapandemien. Kravet om å opphalde seg på lærestaden gjeld ikkje dersom ei utdanning som normalt er stadbasert, blir tilbydd nettbasert eller samlingsbasert hausten 2021 på grunn av koronapandemien.

Vanlegvis er det berre studentar som bur borte som kan få stipend. Du har likevel rett stipend, dersom du på grunn av koronapandemien bur mellombels hos foreldra dine.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Årets søknad
2021–2022

No kan du søke om lån og stipend for studieåret 2021–2022.

Søknadsfristen er 15. mars 2022.