Grunnskole med ungdomsrett

Lånekassen kan på visse vilkår gi lån og stipend til grunnskoleutdanning.

Kven kan få lån og stipend til grunnskoleopplæring?

Elevar i opplæringspliktig alder, altså dei som går på «vanleg» barne- eller ungdomsskole, får ikkje støtte frå Lånekassen. Du må ha rett til grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1. Det inneber som regel at du er over skolepliktig alder, men likevel treng meir grunnskoleopplæring.

Når du samtidig har ungdomsrett, inneber det at du har lovfesta rett til vidaregåande skole, men at du treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande.

Kor mykje kan eg få?

Elevar med ungdomsrett får lån og stipend etter dei same reglane som elevar i vidaregåande skole med ungdomsrett.

Du får lågaste sats av utstyrsstipend når du er elev i grunnskoleopplæring.

Du kan lese meir om kor mykje støtte du kan få her.

Flyktningstipend

Dersom du har fått vern (asyl) i Noreg, kan du få flyktningstipend i inntil tre år om du tar grunnskole, avhengig av kor lang tid det tok frå du fekk vern til du begynte på utdanninga.

Du kan ikkje få flyktningstipend om du bur på asylmottak.

Les meir om flyktningstipend her.

Gå til søknaden

Aktuelt regelverk