
Kor mykje kan eg få?
Når du er vaksen, får du basislån
Basislån er namnet på det dei fleste kallar studielån, og som alle studentar kan få. Som lærling utan ungdomsrett kan du få eit basislån på inntil 137 907 kroner for heile året, dersom du er lærling på fulltid.
Du får lån rekna ut frå stillingsprosenten din
Dersom du jobbar deltid som lærling, får du redusert lån.
Lånet er rentefritt så lenge du får stipend og lån til fulltidsutdanning
Du må begynne å betale på lånet når du ikkje lenger får stipend og lån til fulltidsutdanning. Lånet er rentefritt så lenge du får utdanningsstøtte til å studere på fulltid.
Du får utbetalingar i 11 månader
Lærlingar får utbetalt lån for 11 månader i året. Du kan få stipend frå august til juni, men du må framleis hugse å søke kvart år.