Vidaregåande opplæring for vaksne

Gjeld deg som fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.

Tar du deltidsutdanning?

Ver oppmerksam på dette:
  • Du får mindre lån og stipend enn om du tar utdanning på fulltid.
  • Det blir rekna renter på lån du har frå før.
  • Du må betale på lånet.

Du kan søke om basislån

Når du har fullført utdanninga, kan ein del av basislånet bli gjort om til stipend dersom du oppfyller nokre krav.

Kor mykje pengar kan eg få?

Du kan søke om basislån, eller studielån som mange kallar det, på inntil 137 900 kroner for heile året (ti månader). For å få heile beløpet må du vere elev på fulltid. Du får mindre lån og stipend om du tar utdanning på deltid.

Dersom du skal betale skolepengar, kan du få eit lån til skolepengar i tillegg til basislånet.

Forskjellen på fulltid og deltid 

Det som avgjer om du blir rekna som fulltids- eller deltidselev, er kor lang tid du skal bruke på utdanninga og kor mange fag/årstimar du skal ta i perioden.

Dersom du tar yrkesfagleg utdanning, må du ha 980 årstimar i gjennomsnitt per studieår. Dersom du tar studiespesialisering, må du ha 840 årstimar. Tar du færre årstimar i gjennomsnitt enn dette, er du deltidselev.

Modulstrukturert opplæring på vidaregåande blir rekna som fulltid.

Når du er elev på deltid, må me rekne ut deltidsprosenten for å finne ut kor mykje pengar du kan få. Deltidsprosenten blir bestemt av kor mange fag du tar (talet på årsstimar) og tida du skal bruke på utdanninga. Dersom du for eksempel tar 980 årstimar av eit yrkesfagleg program over to heile studieår, har du ein deltidsprosent på 50.

Dersom du blir rekna som deltidselev og du ikkje har studie- eller yrkeskompetanse, vil du få  stipend og lån til kroppsøvingsfaget, sjølv om du har fritak i faget.

Startar du på utdanninga etter 16. august eller sluttar før 15. juni i eit studieår, varar utdanninga di for kort tid til at du kan få heile beløpet på 137 900 kroner. Du får basislån frå den datoen du startar på utdanninga til den datoen utdanninga sluttar.

Eksempel på deltidsutdanning

Du går på skole frå 18. august 2023 til 6. juni 2025, og tar fag frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram som gir deg til saman 954 årstimar. Då er du ein deltidselev, og deltidsprosenten din er 49,58.

Får du pengar til fulltids- eller deltidsutdanning?

I vedtaket ditt om lån og stipend står det om du har fått pengar til fulltids- eller deltidsutdanning. 

For deg frå 21 til 24 år

Fekk du utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring i skoleåret 2023-2024 (del 2 i forskrift for utdanningsstøtte)? Dersom ja, kan det vere denne informasjonen ikkje gjeld deg fordi du er med i ein overgangsordning. Les meir om overgangsordninga og sjå om den gjeld deg.

Gå til søknaden

Når du har fullført utdanninga

Det blir ikkje lagt til renter på lånet så lenge du får stipend eller lån til fulltidsutdanning. 

Delar av lånet kan bli gjort om til stipend

Når du har fullført utdanninga, kan ein del av basislånet bli gjort om til stipend på visse vilkår. Basislån som blir gjort om til stipend, skal du ikkje betale tilbake. 

Du må betale tilbake lånet

Når du er ferdig med utdanninga, eller  du går frå fulltidsutdanning til deltidsutdanning, blir det lagt til renter og du får ein betalingsplan. Betalingsplanen er ein oversikt over kor mykje du skal betale kvar månad. 

Dersom du ikkje kan betale, må du søke om betalingsutsetting. 

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 57 940 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 115 880 kroner til saman. Inntekt og formue har ikje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sida av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 4 443 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om stipend for deg med nedsett funksjonsevne

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
57 940 kroner
i tilleggslån per studieår

Du kan låne inntil 57 940 kroner ekstra i året dersom du tar fulltidsutdanning. Tar du utdanning på deltid, kan du låne eit mindre beløpblir det maksimale beløpet du kan låne redusert ut fra deltidsprosenten din. Du kan låne 115 880 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som for vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les mer om tilleggslån

Er du flyktning?
Les om stipend til flyktningar
Når du skal begynne å betale på lånet
Sjå kva som hender når du er ferdig med å studere

Aktuelt regelverk