Vidaregåande skole utan ungdomsrett

Her finn du informasjon om kor mykje lån og stipend du kan få, og kor mykje du kan tene før du mistar stipendet.

Vgs uten ungdomsrett

Elev vgs jente med mobiltelefon. Foto.

Du kan få lån og stipend

Tek du på vidaregåande skole utan ungdomsrett, får du lån og stipend etter reglane for høgare utdanning.

Når du ikkje lengre har ungdomsrett får du ikkje stipend på same måten som på vanleg vidaregåande, men at du tar opp eit lån.

Lånet kallar vi basislån, og inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du

  • ikkje bur saman med foreldra dine
  • består utdanninga di
  • har inntekt og formue under grensene

Dersom du må betale skolepengar, kan du få skolepengelån.

Tar du privatisteksamen i fag du har bestått før (tar om igjen fag)?

Da får du ikke omgjort lån til stipend for desse faga. Det gjeld også dersom du tok faga på vanleg vidaregåande (med ungdomsrett) i første omgang.

Du kan få lån og stipend til å ta 480 studiepoeng

Hugs at du må ha ein skoleplass før du søker. Det er ei grense for kor lenge du kan få lån og stipend. Denne grensa gjeld for utdanning du tar etter at du er ferdig med vidaregåande opplæring som du har tatt med ungdomsrett.

Du kan få lån og stipend til å ta 480 studiepoeng eller tilsvarande. Det tilsvarer åtte år med fulltidsstudium. Lån og stipend til vidaregåande skole utan ungdomsrett vil telje med i kor mykje lån og stipend du kan få til saman.

Søknadsfristar

Du må ha ein skoleplass før du søker, og du kan tidlegast søke fra midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Behandlingstid

Dei aller fleste søknadane blir behandla i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan det ta lang tid å behandle. Det er uansett lurt å søke med ein gong du har fått skoleplass.

Før vi kan overføre pengane, må skolen din gi oss beskjed om at du går der. Når vi har fått beskjed frå skolen din, kan det ta nokre dagar før du har pengane på konto.

Du må betale når du ikkje lenger får lån eller du studerer på deltid 

Dersom du får lån til fulltidsutdanning, får du ikkje renter på lånet og du treng ikkje betale avdrag. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.

Det tar cirka sju månader frå du sist fekk studielån frå oss, til du får den første rekninga.

Gå til søknaden

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
57 940 kroner
i tilleggslån per studieår

Du kan låne inntil 57 940 kroner ekstra i året dersom du tar fulltidsutdanning. Tar du utdanning på deltid, kan du låne eit mindre beløpblir det maksimale beløpet du kan låne redusert ut fra deltidsprosenten din. Du kan låne 115 880 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som for vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les mer om tilleggslån

Har du nedsett funksjonsevne?

Du kan søke om
ekstra stipend
om du ikkje kan jobbe ved sida av

Dersom du har nedsett funksjonsevne som gjer at du ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga kan du få eit tilleggsstipend på 4 443 kroner i månaden. Dersom du studerer på deltid, får du eit mindre beløp.

Du kan også få stipend og lån om sommaren om du ikkje kan jobbe i sommarferien. Ein fagspesialist må bekrefte at du har nedsett funksjonsevne.

Du søker om lån og stipend ved nedsett funksjonsevne på eit eige skjema.

Les meir om stipend for deg med nedsett funksjonsevne

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 57 940 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 115 880 kroner til saman. Inntekt og formue har ikje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Er du flyktning?
Les om stipend til flyktningar
Inntektsgrensa er
214 213
for 2024

Kor mykje kan eg tene?

For å få fullt stipend kan du ikkje tene meir enn 214 213 kroner i 2024, dersom du får stipend og lån for heile året.

For å få gjort om lån til stipend må du bestå dei faga du fekk støtte til å ta.

I tillegg til at du må bestå utdanninga di, er det også eit krav om å ikkje tene for mykje. Merk at inntektsgrensene gjeld for kalenderåret og ikkje studieåret. Får du støtte for berre eitt semester, er grensa høgare.

Du mister ikkje heile stipendet om du har inntekt litt over grensa, men vi reduserer det gradvis etter kor stor inntekt du har hatt.

Vi ser også på trygd og formue

Formue og trygdeinntekter kan også påverke kor mykje av basislånet som kan bli til stipend.

Les meir om inntekt og formue

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.

Aktuelt regelverk