Søknad for flyktningar utan ungdomsrett

Du bruker den vanlege søknaden

Du bruker den same søknaden som studentar i høgare utdanning. Det er altså ikkje ein eigen søknad om lån og stipend til grunnskole.

Du bruker også denne søknaden om du skal søke om flyktningstipend.

Dokumentasjon dersom du er flyktning

Får du introduksjonsstønad i perioden du søker om støtte for?

Då må du sende inn kopi av vedtaket frå kommunen eller Nav som viser perioden du får introduksjonsstønad

Har du avslutta introduksjonsprogrammet?

Då må du sende inn stadfesting frå kommunen eller Nav som viser kva for dato du fullførte introduksjonsprogrammet.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søk så fort du har studieplass
for 2023–2024

No kan du søke om lån og stipend for studieåret 2023–2024.

Siste frist for å søke er:

  • 15. november 2023 hvis du søker for hausten 2023
  • 15. mars 2024 hvis du søker for våren 2024

Nokre kan stadig søke for
2022-2023

Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2023, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.